Vestnesavisa
5 minutter lesetid

Siste innspurt er i gang – tysdag opnar dørene

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Både på Vestnes bibliotek og Maritz er det hektisk aktivitet denne veka. Med berre nokre få dagar til opning, og alt for mykje å gjere er det travelt for dei tilsette.

27. april vert ein merkedag for mange. Då vil Vestnes bibliotek opne dørene i Stella Maris. Eit nytt, moderne og flott bibliotek ser dagens lys. Same dag opnar også Maritz kaffikannene og set i gang servering. Dette har mange venta lenge på.

Saka held fram etter annonsen

– Det vert ingen fest. Den tar me att seinare. Gjerne til sommaren når parken ute er ferdig, seier biblioteksjef Vigdis Ødegård.

Men trass i at det ikkje vert trompetfanfare, store talar og opningsfest i tradisjonell stil, lovar ho at biblioteket skal vere ope, og at alle er velkomne innom for å sjå seg om. Ordføraren er invitert for å klippe snora for å markere opninga.

– Eg håpar mange tar turen innom. Smittevernreglar skal følgjast, men det går nok veldig bra. Folk er flinke til å ta omsyn så eg er ikkje bekymra, seier Ødegård.

Den nye utlånsautomaten gjer at ein kan låne bøker utanom normal opningstid. Hylla til høgre sjekkar bøkene inn automatisk.

Mykje nytt og spanande

Det nye biblioteket tar i bruk nyvinningar ein ikkje har hatt i Vestnes før. Sjølvbetjent bibliotek er ein av dei. Det vil gjere at folk kan kome og låne bøker utafor normal opningstid. Ein låser seg inn med lånekortet, og registrerer bøkene i automaten. Ødegård er ikkje bekymra for at systemet skal bli misbrukt.

– Før ein kan låse seg inn må ein skrive under på ein kontrakt som tar føre seg reglar og krav. I tillegg er biblioteket kameraovervaka, og innlåsinga føregår med lånekortet. Så me vil ha kontroll på kven som har vore innom utanom den ordinære opningstida, seier Ødegård.

VR (virtual reality)-prosjektet med Herman Lehmkuhl vil også forhåpentlegvis vere klart til prøving på opningsdagen. Då kan ein gjennom digital teknologi gå om bord i den store skuta og utforske den. Prosjektet har vore arbeidd med i lang tid, og Ødegård gler seg til å presentere det.

– Eg trur det vil vere interessant for mange. Me vil gjere det em kan for at det skal vere klart til opninga. Så får me krysse fingrane for at me får det til. Det er framleis mykje som må på plass før me er heilt ferdige med innflyttinga, seier ho.

Saka held fram etter annonsen

– Me håpar mange gler seg, og at dei vil kome og sjå på den nye «storstova» i Vestnes. Det blir eit veldig bra bibliotek, seier leiar for Vestnes frivilligsentral, Karianne Bergset Austnes.

Ho har fått kontorplass i det nye biblioteket, og vil vere å finne der i kontortida. Aktiviteten ved Frivilligsentralen vert ikkje flytta.

Mange moglegheiter

Både biblioteksjefen og innehavar av Maritz, Frode Gjelstenli, løftar fram «sceneområdet» på biblioteket som ein arena der ein kan finne på ting. Berre fantasien set grenser.

– Her kan ein ha arrangement, møteverksemd, eller ein kan delta på kulturtilstellingar. Konsertar er også ein moglegheit. Her er det berre fantasien som avgjer. Me håpar lokalet vert mykje brukt når me kan opne opp for fleire og større kulturarrangement, seier Gjelstenli.

Sjølv om han driv kafeteria, vil han ha eit nært samarbeid med biblioteket. Det er ope mellom dei to einingane, og målet er å få eit så godt samarbeid som råd og dra nytte av kvarandre.

– Det er ei stor styrke at me er så tett og kan nytte kvarandre i så stor grad. Det vil føre til meir liv i bygget, og gjere biblioteket og kafeteriaen til ein sosial møteplass. Stella Maris er eit bygg for alle, seier Ødegård.