Vestnesavisa
5 minutter lesetid

– No vil alle pusse opp og ha nytt stæsj

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Måling og interiørbransjen er mellom dei få næringane som blomar i denne koronatida. Ved Fargerike Sivertsen har dei merka ei stor auke med kundar som vil fornye heimen sin.

Sivertsen kan vise til ei auke på 21 prosent i koronatida. Når folk ikkje kan reise så mykje, har det blitt viktigare å gjere det koselegare heime.

Saka held fram etter annonsen

– Kvitt og grått er ut. No er det fargar folk vil ha, spesielt lune fargar og jordfargar. På soverommet vel folk gjerne mørkare fargar, fortel Lilla Rødal og Ingunn Belsvik.

Ingunn Belsvik viser fram populære fargar.

Årets farge har fått namnet «himmelkyss», er inspirert av ein solrik kveldshimmel og kan beskrivast som ein dus rosa.

– Til dører og lister vel folk ofte ein halvblank måling, medan silkematt er mest populært på vegg, seier Belsvik.

Oppussingsbølgje

Ein dame kjem inn og skal ha måling. Då vi spør kva farge ho har tenkt å kjøpe, svarar ho at det veit ho ikkje enda. Ho ber Lilla Rødal hjelpe ho med tips om kva som passar og viser fram bilete på telefonen sin.

– Oppussing har tatt heilt av i Vestnes. Det same gjeld salet av «stæsj» som gardiner og interiør. Folk er mykje meir heime, har meir pengar til overs og vel å bruke det på oppussing. Mange gjer no det dei har tenkt dei skulle gjort lenge. Dette er sjølvsagt veldig positivt for vår bransje, fortel Rødal.

Saka held fram etter annonsen

Retrostilen tilbake

Strietapet og bambus er kult igjen.

Like populært som interiørmåling, har det blitt å tapetsere.

– No vil folk ha fargar på alle veggar. Før var det vanleg med ein kontrastvegg, men no er det gjerne to eller alle veggane som vert måla eller tapetsert, fortel damene på Siversten.

Tapet med store mønstre er inn. Gjerne med store blomer eller tropiske element.

Enten om ein diggar det eller grøssar, så er 70-talstilen på full fart tilbake i stover og heim. Tjukk stria tapet, haustfargar og store mønster er populært igjen.

– Stormønstra tapet går det mykje av. Innslag av bambus er også inn, fortel Lilla Rødal.

På Siversten sel dei firkantar med bambusriller, som ein kan lime rett på veggen som ein tapet.

I interiøret deira finn vi også mykje tropiske dyr, palmar, grøne blad, oransje, gult og sterke glade fargar. Om ein ikkje kan reise til tropiske strøk, kan skape eit eige paradis heime. Det er lov å vere vågal.

Pendlande og store lamper

Enkle lamper hengande i ein pendel er inn. Samstundes stadfester Ingunn Belsvik ved Fargerike Sivertsen at store lamper også er trendy. Sjå nokre spesielle lamper under.