Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Her kan ein snart raste og bubile

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Grunnarbeidet med den nye rasteplassen og bubilparkeringa ved Kråkvika i Vestnes er snart ferdig.
– Eg trur dette blir bra. Vi har gjort det vi kan for å ta vare på naturen som er her, seier prosjektleiar og ingeniør i Vestnes kommune, Tobias Hay Slinning.

Her ser ein rasteplassen og bubilparkeringa på om lag 2.000 kvadratmeter. (Oversiktsbilete, Vestens kommune)

Det er entreprenørfirmaet Kvekroken frå Bjorli som har fått i oppdrag å byggje den nye bubilplassen og rasteplassen på om lag 2.000 kvadratmeter. Denne ligg rett etter den fjerde og nybygde arma til rundkøyringa ved Shell, og skal bli ein stad bubilistar og folk på tur kan ta ei pause frå vegen.

Saka held fram etter annonsen

– Eg skjønner at noko kan bli skeptiske når dei ser platået som har blitt her no, men det vil bli mykje finare. Vi gjer også det vi kan for å ta vare på naturen, seier Slinning til Vestnesavisa.

Tar vare på tre og stein

Kristoffer Krokrud i Kvekroken har treft på folk som tykkjer det er positivt at det blir bygt noko nytt her.

– Turvegen blir lagt heilt inntil vasskanten og kopla på den eksisterande turvegen til Kråkvika. Det er her turvegen startar, seier Slinning.

Her skal den nye turstien gå i vasskanten, inntil tre meter frå parkeringa. Fremst Kristoffer Krokrud og bak Tobias Hay Slinning.

Krokrud fortel at vegen er støtta opp med steinblokker som allereie finns i terrenget frå før. Dårlegare masse vert nytta til vollen mot hovudvegen. Dei gamle og ærverdige trea vert ståande.

Her er eit av fleire tre som blir teken vare på under utbygginga.

– Asfalteringa vil skje i mai. Mellom turvegen og parkeringa skal det også byggast ei buffersone med gras på 2,5 til 3 meter. Det vil bli lagt til rette for straum her og ein vasspost. Det vert lagt opp avløpsleidningar og vassrøyr, om kommunen vil byggje toalett og kloakktømmeanlegg seinare. Men det er ikkje sett av pengar til dette no, seier Slinning.

Saka held fram etter annonsen

Det nye området skal også få benkar, og lyktestolpar av den lågare og meir stilfulle typen.
Prislappen for den kommunale rasteplassen og bubilparkeringa er i følgje Slinning budsjettert til 1,4 til 1,5 millionar kroner.