Vestnesavisa
2 minutter lesetid

I dag går alarmen

Klokka 12 i dag, 8. januar, vert naudvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg over heile landet.

Det er politiet som sender ut test av naudvarsel på mobil. Samstundes set Sivilforsvaret i gang test av tyfonane med signalet «Viktig melding – søk informasjon».

Saka held fram etter annonsen

Naudvarsel på mobil går over 4G/5G-nettet, og alle nye mobiltelefonar og einingar som befinn seg i Norge og som er kobla opp mot mobilnettet kan motta testen.

Dersom du ikkje ønskjer å motta testen må du sette telefonen i flymodus eller skru den heilt av før klokka 12 i dag.

Alarmen vil bli utløyst mellom klokka 11:55 og 12:10. Telefonen vil vibrere og gi frå seg eit høgt alarmsignal i om lag ti sekund, før ein tekst dukkar opp på skjermen. Teksten er på både norsk og engelsk.

I eit reelt varsel vil naudvarslet innehalde informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.