Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Politiet advarer mot svindel frå «namsmannen»

Politiet advarer i dag om at det har blitt sendt tekstmeldingar som utgjer seg for å vere frå politiet ved namsmannen.

I meldingane står det at ein har mottatt eit brev i ei utleggssak, spesifikt frå namsmannen, og at det hastar å følgje lenga og betale for å unngå gebyr.

Saka held fram etter annonsen

Fleire av dei som har mottatt meldinga har tatt kontakt med politiet. Mange av dei er godt vaksne og eldre, så politiet meiner det er ein målretta svindelkampanje mot denne aldersgruppa.

– dette er svindel. Ikkje svar på meldinga og ikkje trykk på lenka, seier kommunikasjonsdirektør i Møre og Romsdal politidistrikt, Iselin Nevstad Øvrelid.