Vestnes: Språknøytralt er ikkje språknøytralt

Det var med sjokk og vantru eg las at Vestnes kommunestyre har vedteke at kommunen frå no skal vere språknøytral.
Som mange nynorskbrukarar har opplevd, betyr ikkje ‘språknøytral’ at nynorskbrukarar i alle situasjonar no får bruke språket sitt som dei vil. Tvert imot vil ei språknøytral ordning over tid gjere at nynorsk blir mindre brukt. Dette har å gjere med korleis språkleg makt fungerer, og er godt dokumentert.
Dermed motverkar vedtaket til kommunen direkte intensjonen i Språklova frå 2022, der det blir lagt vekt på at offentlege organ har «eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket» (§ 1). Om kommunestyret vel å stå inne for vedtaket, må dei i det minste vedta ein språkbruksplan der ein gjer greie for korleis nynorsk framleis skal kunne fremjast i lokalsamfunnet i Vestnes, slik Øyvind Fenne poengterer i Bygdebladet 24.12.2024.
Å oppleve at kommunen eg vaks opp i, tek ei slik vending, er vanskeleg å forstå. Vestnes kommune har i ein mannsalder stått fram som ein formidlar av bygdekultur og folkeleg identitet, og har slik verka både samlande og framoverlent. Språket er i denne samanhengen mykje viktigare enn ein skulle tru. Den situasjonen me har fått i Noreg med fri bruk av dialekt på alle område i samfunnet, er elles ikkje noko som har kome av seg sjølv. Det har blitt kjempa fram på demokratisk vis av bonderørsla på 1800-talet, og ei ytterlegare styrking av dei norske dialektane var gjennomgangsmelodien på 1960- og -70-talet. Eg ser ingen grunn til å bryte dette sambandet med den folkelege kulturen og talemålet – det ville i så fall vere eit forsøk på å vere noko anna enn det me er.
Fleirtalet bak vedtaket legg vekt på at det er omsynet til dei tilsette i administrajonen som er avgjerande for saka. Fridomen til å bruke det skriftspråket dei ynskjer, er viktigast. For meg er det derimot innlysande at det er omsynet til innbyggarane som må vere det viktigaste. Kva er best for dei? Eg er ikkje i tvil om at skriftspråket som byggjer på dei norske dialektane, slik nynorsk gjer, står seg best i Vestnes kommune.
Ordførar Randi Bergundhaugen sitt hovudargument ser ut til å vere at det er så vanskeleg å uttrykkje seg på nynorsk. Kva ho byggjer dette på, er uvisst, men det er klart at den totale dominansen bokmålet har i det i norske samfunnet, gjer det lettare å lære dette skriftmålet.
Det blir likevel ikkje lettare å vere nynorskbrukar når det no etter alle solemerke blir mindre nynorsk også i Vestnes kommune. Det er heller ikkje utan grunn at me ofte skriv ‘nynorsken og dei norske dialektane’ i same andedrag. For dei som er opptekne av vilkåra og voksteren til romsdalsdialekten, er det difor ingen grunn til å heise flagget med eit språknøytralt vedtak i Vestnes kommune.
Arild Aanes
Fødd vikebukting,
alltid vikebukting