Etter tre år vert samtaletilbodet 13+ utvida både med større fagtyngde og høgare kapasitet. Tilbodet er eit tilleggstilbod til det offentlege heletilbodet for ungdom i Vestnes.
Tilbodet «13+» vart starta av John Sylte og Ellen Edvardsen i mai 2021. Tre år seinare ser Sylte behovet for å utvide samtaletilbodet. No har han fått med seg både sjukepleiarar, vernepleiarar og psykolog på laget.
– Det er eit behov me har fanga opp. Det er mange ungdomar som slit, og me ønskjer å gi dei eit betre tilbod medan dei ventar på det offentlege, seier Sylte.
Sylte ønska å få på plass eit større fagleg team og no har dette teamet kome på plass. Det består av to sjukepleiarar, derav ein med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, to vernepleiarar, ein helsefagarbeidar og ein psykologspesialist i tillegg til John Sylte som er prest og psykotraumolog.
Eit tillegg
13+ er eit tillegg til den offentlege helsetenesta. Tilbodet er ikkje meint å overta eller konkurrere med det offentlege. Målet til Sylte og resten av teamet er å gi eit tilbod til ungdom som slit, men som står i kø eller av anna grunn ikkje har kome inn i den offentlege helsetenesta enno.
– Me må unngå at nokon bli gåande lenge og vente på hjelp. Med vårt opplegg kan me tilby samtalar og hjelp medan dei ventar. Den offentlege helsetenesta gjer ein formidabel jobb, men dei har ikkje uavgrensa med ressursar dei heller. Me skal ikkje konkurrere med dei, men me vil samarbeide med dei. Kan hende det er nokre ungdomar som berre treng ein rusletur og ein god samtale for å få bukt med sine utfordringar. Me har brei fagleg bakgrunn og kan prate om alt med alle, seier Sylte.
Leiaren i skulehelsetenesta Anne Elin Frøysa var delaktig i arbeidet med å velge ut kven som skulle vere med på teamet. Det grunnar ut i at Sylte ønsker eit tett samarbeid med skulehelsetenesta, og støtta seg på Frøysa sin fagkunnskap i utvelginga av medlemmar.
– Det var så mange som meldte si interesse at me måtte legge inn krav om helsefagleg utdanning. Det har ført til at me har eit veldig solid lag som jobbar godt saman, seier Sylte.
Kva tid som helst
Det skal vere lett å få kontakt med 13+. Ungdom som ønsker å prate med dei kan mellom anna bli vidareformidla av skulehelsetenesta eller helsestasjon for ungdom.
– Me har og eigen vakttelefon der ein kan ta kontakt. Me vil styre ungdomen til den rette i laget vårt for å gi best mogleg hjelp. Gjerne i samarbeid med skulehelsetenesta, seier Sylte.
Det er ungdom som er i ungdomsskulealder og opp til og med vidaregåande som er i målgruppa. Men aldersgrensa er ikkje absolutt.
– Om ein 22-åring tar kontakt og ber om hjelp så vert ikkje vedkommande avvist, seier Sylte.
Alt som blir fortalt til medlemmar i laget er dekt av teieplikt. Men det vert ikkje journalført.
– Me er ikkje eit direkte helsetilbod, og me fører ikkje journal. Men me kjem til å føre statistikk for å halde oversikt over behovet, seier Sylte.
Heilt i starten
Teamet er heilt i startgropa, og ein del ting vil bli til etter kvart. Målet er å ha kortast mogleg ventetid.
– Eg håpar me greier å ha kort ventetid. Det er viktig at ungdom får hjelp så raskt som råd når dei ber om det, seier Randi Sørli.
Ho er vernepleier og skal straks ta til med vidareutdanning innan psykisk helse.
Ingen av dei so mer med i hjelpeteamet i 13+ får betalt. Alt er tufta på frivilleg arbeid. Det gjer at tilbodet også er kostnadsfritt for ungdomane.
– Det er eit veldig lågterskeltilbod og kostar ingenting. Me er heldige og har fått sponsormidlar frå Sparebanken Møre. Det gjer at me har moglegheit til å drifte dette tilbodet på ein god måte, seier Sylte.
Han legg til at det alltid er rom for fleire sponsorar.
Unngå belastning
Sidan alle i 13+ har anna arbeid i det daglege, er Sylte klar på at dei må passe på at ikkje belastninga vert for stor. Dersom det skjer vil dei sjå på moglegheiten for å utvide med fleire medlemmar på laget.
– Dersom belastninga vert for stor må me utvide. Men eg håpar me greier å svelge unna det behovet som me meiner er der, seier Sylte.
Kompetansen i laget skal styrkast gjennom kurs og føredrag, både internt og med innleidde kurshaldarar.
Fleksibel møteplass
Det er ikkje nokon fast møteplass for ungdom som ønsker hjelp frå 13+. John Sylte fortel at dei møter opp der ungdomen ønskjer. Han fortel at dei kan gå ein tur eller finne andre møtestadar. 13+ samarbeider tett med mellom anna Helsestasjon for ungdom, så dei kan også avtale å møtast der.
– Me avtalar møteplass med kvar enkelt. Det kan hende at dei ikkje ønskjer å møte oss på helsestasjonen eller andre plassar som kan avsløre at dei er hos oss, seier Sylte.
Han fortel vidare at fleire ungdomar har fortalt at dei synest det er vanskeleg å søke hjelp fordi dei blir fulgt på kartfunksjonen i Snapchat.
– Eg synest det er urovekkande når ungdom kviar seg for å søke hjelp fordi dei vert spora via appar av vener og kjente. Det er ikkje så lett å skru av kartfunksjonen utan at nokon stiller spørsmål heller. Difor vil me møte ungdom på den staden dei ønskjer, seier Sylte.
Informerer skulane
Det første 13+ har gjort sidan utvidinga er å starte med informasjonskampanjar. Dei har vore på besøk på Helland ungdomsskule i Tresfjord og fortalt om prosjektet, og Tomrefjord skule står for tur. Dei vil også henge opp plakatar og formidle bodskapen gjennom sosiale media og andre kanalar.
– Det er utruleg viktig at folk får vite om tilbodet for at det skal bli brukt, seier Sylte.
Sylte fortel at det er Tina Danielsen Hammerø som har laga det grafiske materialet for annonser og plakatar.
Dette er 13+
- Lågterskeltilbod for ungdom mellom 13 og 20 år som treng nokon å prate med
- Tilleggstilbod til den offentlege helsetenesta
- Består av helsefagutdanna personale
- Frivilleg drifta
- Består av: sjukepleiar Guro Skjelbostad, sjukepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid, Aina Kathrin Frostad, vernepleiar Randi Sørli, vernepleiar Monika Aas, helsefagarbeidar Kristin Fiksdal Bjermeland, psykologspesialist Casimir Dogbey, prest og psykotraumolog John Sylte.