Det skal ha gått eit steinras frå fjellet Oksen på austsida av Romsdalsfjorden, I Rauma kommune.
– Eg høyrte eit drønn som likna på torden. Då eg såg ut mot fjorden oppdaga eg ei støvsky borte ved Oksen. Skya bevega seg inn fjorden, og i fjøra der raset hadde gått var det brunfarga, opplyser ein tipsar til Vestnesavisa.
Raset har gått heilt ned mot sjøen.
Politiet opplyser til Vestnesavisa at dei ikkje har fått melding om noko ras.
Det skal ikkje vere vegar eller bebyggelse der raset skal ha gått, men Vestnesavisa får opplyst at det ofte ligg båtar heilt innmed land der som raset har gått.
– Eg har tenkt på det mange gonger når eg ser båtar der, at det ikkje er heilt trygt å ligge så tett på land akkurat der. Det har gått ras der før, seier tipsaren.