Vestnesavisa har no lansert eigen app for å lese nyheiter digitalt. Appen er tilgjengeleg i Appstore om du brukar Apple-produkt, og vil om kort tid vere tilgjengeleg i Google Play for Android.
Med appen kan du få varsel når viktige nyheiter vert publisert, og du vil ha lettare tilgang til å administrere ditt eige abonnement.
Innlogginga på appen er den same som på nettavisa, så du treng ikkje å registrere deg nokon plass. Det er berre å laste ned og logge inn.
– Me ser at dette er noko lesarane våre har etterspurt, og det er ingen grunn til at ikkje Vestnesavisa skal ha eigen app slik som mange andre medium, seier utviklingsleiar i Tvisyn AS, Ole Gunnar Onsøien.
Han legg til at hovudgrunnen til at appen no vert lansert er at Vestnesavisa ønskjer å gi lesarane ei best mogleg lesaroppleving.
I appen kan du enkelt styre kva type saker du ønskjer å få varsel om. Innstillingane er lette å finne og appen er veldig enkel i bruk.
Du som lesar har også tilgang til e-avisa gjennom appen. Det er ikkje mogleg å kjøpe abonnement i appen. Deet må gjerast via nettavisa på vanleg måte.