Festivaleiinga hadde tromma saman kvalitetstunge artistar frå Møre og Romsdal til opningskonserten for Vestnes sin første Landsfestival i gammaldansmusikk. Kyrkja var fylt til siste benkeplass av forventningsfulle publikummarar. Vestnesavisa snakka med fleire som skuffa måtte vende i døra.
Leiar for hovudnemnda, Britt Elise Skram på fele og nestleiar Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel, opna konserten med ein vakker vals, komponert av Henry Vike, vestnesing frå Vikebukt. Han laga denne valsen til ein spelmannskamerat som heitte Jørn-Anders frå Tresfjorden, Anders B. Nerheim.
-Vi er veldig glade for at så mange ville komme og høyre på oss, det blir mykje variert musikk. Det vil seie det blir mykje fin og variert gammaldansmusikk her i kveld, seier Britt Elise med eit smil. Deretter gav ho ordet til ordførar Randi Bergundhaugen, som stod for den formelle opninga av festivalen.
Ordføraren får ordet
Ordføraren ønska alle tilreisande, både deltakarar og publikum, hjarteleg velkomne til Vestnes. Ho ønska velkommen til ei veke fylt med musikk og dans midt i den vakre vestlandsnaturen. Bergundhaugen er stolt over at kommunen får vere vertskap for eit så stort arrangement. Det kjem ikkje av seg sjølv og ho er imponert over den store innsatsen som er lagt ned av festivalkomiten og alle dei frivillige gjennom fleire månader.
Kviven duo
Denne duoen, Jorunn Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm er to av dei fremste felespelarane på Vestlandet. Frøholm kunne med sikkerheit fortelje at Kviven-tunnelen blei realisert mykje på grunn av Honndalstausene. Dei hadde ei enorm påverknadskraft på ein viss samferdselsminister for nokre år tilbake.
Duoen opna si avdeling med Tikroners-slåtten, ein galopp som var veldig populær i distriktet i 1880-åra. Så følgde ein springar frå Volda, før Jorunn Marie Kvernberg kom inn på sine musikalske røter. Mora hennar kjem frå Tresfjorden og bestefaren heitte Petter L. Rypdal.
-Han var kjent lokalt, men også etter kvart nasjonalt. Han hadde ein fot i folkemusikken og ein fot i den klassiske musikken. Han lærte mykje av bestefar sin, Jakob Kjersem, som også var ein dyktig felespelar, fortel Kvernberg.
Så følgede ein slått frå Nordfjord. Så fekk vi vite historia bak Per Bolstad sin legendariske valsen Fagre Stryn. Den har gått under fleire namn, som Nordlysets døtre, Midnattsolens døtre ved Oslofjorden og Fagre Vigra. Dei to felespelarane saman med trekkspelaren Kristina Farstad Bjørdal, gav den fullsette kyrkja ein nydeleg versjon av denne legendariske og velkjende melodien. Den var fast innslag i ønskekonserten i fleire tiår.
Kviven duo let så felene sine komme med ein bruremarsj av Petter L. Rypdal, ein av hans mest kjende melodiar; Eit sommarbryllup.
Desse to utøvarane er virtuosar på instrumenta sine. Jorunn Marie Kvernberg spelar ikkje berre på fela si. Med kroppsspråk og mimikk gir ho publikum ei heilt spesiell musikalsk oppleving. Ho får fram heile registeret av kjenslelivet, frå det melankolske, det høgstemte og til det lette og glade. På denne måte viser ho tilhøyrarane korleis ho tolkar dei ulike passasjane i musikken, ei formidling av musikk som ein skal leite lenge etter.
Fylkeskulturdirektøren helsar
Fylkeskulturdirektøren, Heidi-Iren Wedlog Olsen, ønska med stor glede alle velkomne til Landsfestivalen i gammaldansmusikk på Vestnes, midt i hjartet av Møre og Romsdal. Både kyrkja og gammaldansmusikken er ein stor del av vår kulturarv. Wedlog-Olsen meiner det var eit godt grep at vakre Vestnes kyrkje danna ramma rundt opninga av festivalen.
-La kveldens konsert og dens mange kvinnelege utøvarar stå som eit symbol for vår evne til å foreine det gamle med det nye. Som tradisjonsberarar og innovatørar bidreg kveldens utøvarar til både å bevare og vidareutvikle vår folkemusikktradisjonsom kunst og bruksmusikk, avslutta Wedlog Olsen sin tale.
Skram/Bjørdal
Desse to eminente musikarane har starta eit samarbeid der dei leitar fram slåttar frå Møre og Romsdal. Dette fekk publikum høyre nokre strålande godt framførte eksempel på. I tillegg til vakker musikk, er dei opptatte av å formidle historiene bak musikken, noko som gjer opplevinga for publikum komplett.
FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans
Styreleiar i FolkOrg, Hilde Reitan, var siste på talarlista. Ho var svært glad for at Møre og Romsdal folkemusikklag hadde tatt på seg oppdraget på vegne av FolkOrg å stå som lokal arrangør av landsfestivalen.
-I tillegg til tevlingane, så får mange oppleve god musikk som stimulerer dansefoten. Heile den store runddansfamilien møtast til vennleg kappestrid, uavhengig av alder, kjønn, ferdigheiter og bakgrunn. Folkemusikkmiljøet er er trygt og inkluderande der det er plass til alle. Alle har eit ansvar for å ta vare på kvarandre og å syte for at alle blir inviterte inn i den store fellesskapen, seier Reitan.
Ho avslutta med å ønske lykke til med arrangement og håpa deltakarar og publikum får fine festivaldagar i Vestnes.
Legendariske Honndalstauser
Honndalstausene er blitt eit omgrep i folkemusikken, dei inntok scenene på 80-talet og gjorde stor suksess. Dei kan vise til ei lang merittliste, mellom anna underheldt dei under OL på Lillehammer i lag med sjølvaste Sissel Kyrkjebø. Denne kvelden er dei med på å kaste glans over opningskonserten for landsfestivalen på Vestnes.
Følgande var med på å skape stor stemning under konserten; Gunnhild Sindre, Torunn Raftevold Rue, Bente Storbakken, Gunn Sølvi Gausemel, Synnøve Hjellbakk Hole, Marianne Tomasgård og assosiert medlem Kristina Farstad Bjørdal. I tillegg Reidar Dale på giar og Jon Sverre Sætrom Thoresen på kontrabass.
Honndallstausene gleda publikum med ei rekke flotte slåttar, Dei spela òg springarar og dei hadde også innslag der dei spela hardingfele. Publikum blei orientert om innhaldet og komponistane til dei ulike melodiane på førehand.
Heilt til slutt fekk publikum høyre eit fellesnummer, ein rheinlender med namnet Knut Iver-slåtten. Publikum kvitterte med øyredøyvande, langvarig ståande applaus Med dette takka Britt Elise Skram alle som hadde møtt opp for å høyre og sjå opningskonserten. Ho ønska alle velkommen på dei andre arrangementa under festivalen.