Det var Trond Neraas (44) frå Vestnes som vart funnen omkommen på Middagstinden. Mest truleg omkom han som følgje av ei fallulukke.
Neraas er tilsett som kontaktlærar for 4. klasse ved Helland barneskule i Vestnes kommune.
Saken fortset etter annonsa
Vestnes kyrkje heldt open onsdag kveld for dei som hadde behov for å møtast. Kommunen sitt psykososiale kriseteam var til stades i kyrkja.
Det er Vestnes kommune som går ut med opplysningane i samråd med familien.
Neraas vart meldt sakna etter at han ikkje kom heim frå fjelltur tysdag 27. august. Det vart sett i gang ein større leiteaksjon etter han. Onsdag vart han funnen omkomen.