E136 er stengt på grunn av eit jordras i Øygarden like ved Vågstranda. Det melder politiet tysdag kveld. Om kort tid vil eitt køyrefelt bli opna for trafikk.
Ingen bilar eller personar skal vere tatt av raste. Vegen er stengt og Vegtrafikksentralen er varsla.
Det er uvisst kor lenge vegen vil vere sperra. Entreprenør er på staden.
– Me vil oppdatere med meir informasjon så snart me har det. Foreløpig har me fått informasjon om at det er eit mindre ras, og at det truleg vil bli rydda opp ganske raskt, seier Eivind Klokkersund ved politiet sin operasjonssentral klokka 2243.
Klokka 2307 melder politiet at det er snakk om rundt 30 kubikkmeter som har rasa ut, og at vegen vil bli stengt utover natta medan oppryddinga føregår.
Det vert omkøyring via fylkesveg 54 via fergesambandet Åfarnes-Sølsnes og Molde-Vestnes.
Klokka 2344 melder politiet at eitt køyrefelt vil bli opna om kort tid.
Vestnesavisa sin journalist på staden påpeikar at raset har gått i Øygarden på Vågstranda, og ikkje Hjelvika slik politiet melder.