Laurdag ettermiddag var det klart for at dei aller yngste skulle få vise ferdigheitene sine på landsfestivalen. Det var rigga til med mikrofonar og høgtalarar, dommarpanelet hadde inntatt plassane sine. Eit stort publikum fylte formidlingssalen på biblioteket. Det var klart for sjokoladefestival.
Marie Skavnes, felespelar, dansar og frivillig på landsfestivalen, fortel at dette er eit lågterskeltilbod for dei aller yngste.
– Her er ingen rangering, dommarane gir aktørane positive tilbakemeldingar og alle får sjokolade i premiar. Slik får dei oppleve at dette er ikkje skummelt, dei får trening i å opptre og dei får høve til å høyre på kvarandre, seier Skavnes.
Marit-Ellen Lund, sjokoladefestivalsjef, ønska alle velkommen til konsert med dei yngste aktørane under festivalen. Ho informerte om at her skulle det bli torader, kornett, song, felespel og gruppespel.
Lovande rekruttar
Så stod dei fram, den eine etter den andre og gjorde ein glimrande innsats. Kvar og ein fekk skikkeleg applaus frå eit fornøgd publikum. Skal ein bli god på eit instrument så er det viktig å vere flink å øve kvar einaste dag. Alle aktørane under sjokoladefestivalen såg og høyrdest ut som om dei etter kvart vil nå dei store høgder. Det er vel likevel ikkje det som er det aller viktigaste. Det viktige er at ein har sunne og gode interesser og musikken er utan tvil ein hobby og ein fritidsaktivitet som ein har glede av heile livet.