«Aldri før har landet opplevd ei verre regjering for næringslivet her i fylket, med SP og AP sine skyhøge skattar og avgifter, formuesskatt, grunnrenteskatt, skyhøge drivstoff og straumprisar, og høg rente»
SP spesielt har vist sitt sanne ansikt med ein distriktspolitikk som snart knekker næringslivet i distrikta.
Aldri før har det vore verre for distrikta!
Berre drivstoffprisane og kostnadsvekst deretter lammer det meste av transport, bygg og anleggsbransjen.
Innføring av grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa har ført til bråstopp i nye større anleggsutbygging innan næringa, som rammar svært mange små og store bedrifter her i fylket. Tusenvis av arbeidsplassar er sett i spel.
Det same gjelder formuesskatten som rammar brutalt og aldeles greinalaust norskeigde og lokal eigde bedrifter. Sikkert logisk for SP å straffe Norske lokaleigde bedrifter, og premiere utanlandsk eigarskap.
Sjølv landbruksnæringa er i kneståande med SP i regjering. Landbruksnæringa skulle liksom skinne, berre SP kom i regjering, fasiten viser noko heilt anna.
» Nedlagte gårdsbruk viser 411 bruk i 2022, 283 bruk i 2023 og 360 nedlagte gårdsbruk i 2024″
Innan samferdsel er det enda verre, der SP og AP har prestert å utsette dei viktige byggjeklare vegprosjekta næringslivet her i fylket er avhengige av.
RV 15 Strynefjell med arm til Geiranger samt Voldatunellen utsette SP og AP til siste 6 årsperioden i NTP.
Heldigvis vedtok Stortinget med eit fleirtal av FrP, Høgre, KrF, Venstre, SV og Rødt å flytte RV 15 Strynefjellet fram til fyrste perioden av NTP med snarleg byggestart.
Veibustkrysset kom på plass i NTP etter massivt press i Stortinget med to representantforslag med krav om prioritering av dette prosjektet frå underteikna og FrP. Engasjement løner seg.
«Aldri før har så mange ete så mykje kaker for så lite, som SP har gjort ang samferdsel i regjering»
Å «feire» med kaker i Stryn og i Volda for å utsette prosjekt i årevis, er ikkje noko anna enn eit forsøk på å forlede folket.
Konsekvensen av eit SP som sviktar distrikta innan samferdsel, er total tørke på nye vegprosjekt her i fylket og i regionen, som igjen setter ei heil anleggsnæring i fare.
Alle huska vi Geir Inge Lien i SP som reiste rundt her i fylket og lova 100 mill kr ekstra til fylkesvegane, fasiten vart eit mageplask og 30 mill kr. Samtidig som 45 million kr som var øyremerka til veivedlikehold til fylket er «trylla vekk» i rammeoverføringane.
Håplaust når berre Møre og Romsdal har eit veg vedlikeholdsetterslep på heile 16 milliard kr.
SP i regjering og med Vedum som finansminister har verkeleg bevist SP i praksis,
Og vi teller ned dag for dag fram mot neste Stortingsvalg og til å geleide SP og AP ut av regjeringskontora.
Landet trenger ei ny regjering med eit sterkt FrP. Her i fylket vil dette bety svært mykje for næringslivet sine rammevilkår samt for samferdsel.
FrP vil fjerne både grunnrenteskatten og formuesskatten og sørge for betydelige kutt i drivstoffprisane samt ein ny energipolitikk.
Innan samferdsel vil vi no etter at Møreaksen vert skrota kunne gje full gass på E-136 frå Ålesund til Bjorli der Nye veier as skal få nødvendige rammer til dette. Likeså vil E39 Blindheim til Moa bli prioritert samt igangsetting av Voldatunellen.
FrP og eit fleirtal på Stortinget sørga også i NTP for snarleg oppstart av RV 15 Strynefjellet med arm til Geiranger.
Møreaksen sin død opnar opp for Langfjordkryssinga som ein svært viktig export veg for Molderegionen og store delar av Nordmøre.
No er det næringslivet sin tur, og Møre og Romsdal trenger ikkje meir feil medisin frå SP, som har gjort så godt dei kan for å svekke næringslivet.
Frank Sve
1 nestleiar i Transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for FrP