Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Ordførar Bergundhaugen og nynorsken

Kommunestyret har bestemt at Vestnes kommune skal vere språknøytral. Mange tenkjer at det betyr bokmål – og det treng ikkje vere så feil tenkt. Molde, Kristiansund og Trondheim er språknøytrale kommunar. Men det må ikkje bli slik dersom kommunen er tydeleg på at han skal vere tospråkleg, at bokmål og nynorsk skal likestillast og praktiserast. Det skjer best gjennom ein språkbruksplan slik Hustadvika no er i ferd med å få på plass. Det må vere neste steg for Vestnes. Det same gjeld Molde.

Saken fortset etter annonsa

I RB 14.02.er ordførar Bergundhaugen referert frå det ho sa i kommunestyret den 12.desember. Her stussar og reagerer eg og andre på fleire ting. Det står tilsynelatande ingenting negativt om nynorsk, men indirekte – slik mellom linjene – er det holdningar og synsmåtar som tydar på det. For det første: «Det handlar om kommunikasjon». Kva betyr det? Fungerer nynorsk dårlegare enn bokmål i Vestnessamfunnet – og for den del nasjonalt? «Det er fint med fortida, men vi må også tenke på framtida.» Kva ligg det i dette? Er nynorsk fortida?? «Innvandrarane som kjem til Vestnes får dessutan opplæring i bokmål». Skulle ikkje dei hatt nynorskopplæring i nynorskkommunen Vestnes?

Saken fortset etter annonsa

Mange kommunar har det, og det å lære eit språk som ligg nær dialekta, opplever dei fleste som ein fordel. Denne samanhengen bør då au vere ein del av opplæringa. Bokmålet er bra fjernt frå det talemålet dei fleste av våre nye landsmenn og -kvinner møter på butikken, arbeidsplassen og kaféen. – Det ville vere fint om ordføraren presiserer og utdjupar språksynet sitt.

Øyvind Fenne, Romsdal Mållag