Visst fanden skal der skytes med skarpt!

Det var orda til oberst Birger Eriksen på Oscarsborg Festning morgonen 9. april 1940. Kort tid seinare forsvann Blücher, Kriegsmarine sin stoltheit, under vassflata. 830 tyske soldatar omkom i det iskalde vatnet i Oslofjorden denne kalde aprilmorgonen. Det var det første større nederlaget den tyske krigsmakta fekk kjenne i Norge. Men er me i ferd med å gløyme historien etter knappe 80 år?
Ein person. Ein einaste person. Sett bort frå lydteknikar med følgje, musikantar frå Vestnes kulturskule og to lokalavisjournalistar. Det var oppmøtet ved minnemarkeringa for frigjerings- og veterandagen i Vestnes i år.
For berre få år sidan var det titals oppmøtte. Går ein enno nokre år attende var deltakinga enno større. Folk hugsa. Dei som hadde opplevd siste verdskrig levde. Historiar vart fortalt. Vonde minner kom fram i dagen og tårer vart felt då nasjonalsongen vart spelt.
Gløymeboka er ei skummel historie
Har dagens generasjon verkeleg fått slik avstand til historien som våre besteforeldre opplevde på godt og vondt at det ikkje spelar nokon rolle? Har dagens generasjon verkeleg gløymt det generasjonane før oss kjempa for?
Slike spørsmål er det betimeleg å stille når ein ser oppslutninga rundt det som burde vere ein stor merkedag for alle i Vestnes og resten av landet.
Dersom me gløymer historien, endar det opp med at me gjentek den. Er det noko me ønskjer?
Fridomen me opplever kvar dag, og som formar liva våre og ungane våre kom ikkje gratis.
Mange tusen menn og kvinner, i militærteneste, blant «gutta på skauen» og sjøfolk sette livet til i kampen mot stormakta som inntok Norge meir eller mindre utan organisert motstand. Mange vart også tatt av dage for langt mindre enn motstand. Berre mistanken var nok til å bli sendt i konsentrasjonsleir eller det som verre var.

Nokre trefningar var det, med til dels store tap på begge sider. Men innan juni 1940 var omme var heile landet okkupert av Tyskland og deira militære styrker.
Er me på veg mot ny strid og nye konflikter?
Nordahl Grieg skreiv diktet «Til ungdomen» i 1936. Ei tid som ber mange likskapar med tida me opplever i dag, 88 år seinare.
Kanskje du spør i angst,
udekket, åpen:
hvad skal jeg kjempe med,
hvad er mitt våpen?
Ja, kva er vårt våpen? I Norge har me levd i fred og ro i snart 80 år. Rett nok hadde me mange spente situasjonar under den kalde krigen. Truleg langt fleire enn det me kjenner til. Det var viktig for den norske stat og det militære å halde det hemmeleg. Fleire gongar var me svært nære eskalering av situasjonar som kunne ført til ufred. Men gjennom diplomati og storpolitikk kom me oss meir eller mindre velberga gjennom den fleire tiår lange konflikten.
Sju år etter at Nordahl Gried skreiv «Til ungdomen» omkom han då bombeflyet han var om bord i vart skote ned over Berlin 2. desember 1943.
Likskapen til 1930 talet er i dag skremande stor. Etter den kalde krigen var over i 1991, har det norske forsvaret gradvis blitt bygd ned.
«Det er fred og me treng ikkje store militærstyrkar» har vore mantraet i over 30 år.
Akkurat det same vart sagt i mellomkrigstida fram mot 1940. Og plutseleg så var dei der. Ein fiende som var overlegen i både antal soldatar og skyts. Vesle Norge hadde lite å stille opp med. Det me hadde av militært utstyr var avleggs. Utdatert. Ikkje stridsyktig.
Flyvåpenet bestod av berre nokre få fly. Dei fleste gamle og utdaterte Gloster Gladiato dobbeltdekkarar. Nokre enno eldre Fokker-maskinar i Nord-Norge. Det var alt me hadde å forsvare oss med i lufta då Luftwaffe kom dundrande over Skagerak med fleire hundre topp moderne maskinar.
Men dei få norske flya beit godt frå seg i aprildagane 1940. Fleire av dei vart skotne ned, nokre naudlanda etter skade, og nokre kom seg til Sverige der dei meir eller mindre krasjlanda på grunn av skadane.
Fire tyske fly vart skotne ned. Sju vart så skada at dei måtte naudlande. Norge var i krig, og styresmaktene var fullstendig tatt på senga. Det vart ein kamp for å få Kong Haakon VII og regjeringa ut av landet før invasjonsstyrkane fekk tak i dei. Men det er ei anna historie.
Norge i dag
Mange vil seie at me ikkje kan samanlikne Norge i 1940 med Norge i dag.
Tvert i mot vil eg seie at det er svært mange – faktisk urovekkande mange likskapar.
Me tar freden for gitt. Forsvarsevna vår har blitt bygd ned over mange år, og me har lite å stille opp med. Ja, me har NATO i ryggen. Men kor mykje vil det hjelpe dersom fleire NATO-land hamnar i klammeri med ein større fiende på same tid? Er NATO verkeleg sterke nok til å halde stand og forsvare Europa slik tanken er?
Dei siste åra har det heldigvis blitt satsa på, og investert mykje pengar i forsvaret av Norge. Det kan nemnast nye jagarfly av ypparste klasse. Mangfaldige milliardar er brukt for å skifte ut dei etter kvart godt over 50 år gamle F16-jagarflya våre. Fly som har tent Norge godt gjennom alle dei åra.
Sjøforsvaret ligg an til å få ei opprusting. Det er snakk om både nye fregattar, ubåtar og anna. Men skjer denne opprustinga fort nok? Er det allereie for seint? Ei større opprusting av forsvarsevne er ikkje gjort over natta. Ein ting er å bygge skip, tanks, luftvern og anna utstyr. Noko anna er det å trene opp nok personell til å bruke dette utstyret effektivt.
Lær av dei før oss!
Eg er stygt redd for at dersom det skulle oppstå ei større konflikt der Norge vert involvert, og der fiendtlege styrkar står på grensa, så har me dessverre alt for lite å stille opp med.
Difor vert eg litt skremt når ein på ein så viktig dag for nasjonen Norge og alle våre medmenneske i landet som 8. mai opplever at det er folketomt.
Hugsar ikkje folk? Har dei gløymt historien sin? Er dei likegyldige til det som skjer rundt oss?
Me må ikkje vere så naive og tru at me kan leve i fred i all framtid. Verda er i endring. På veldig mange område. Verdspolitikken er blitt kvassare. Fraksjonar rundt i verden har lagt vesten og det vestlege demokratiet for hat. Dei ønskjer totalitære styresett og vil gå langt for å prøve å få det til. Uavhengig av religion, kultur og opphav.
Difor er det svært viktig. Faktisk, etter mi meining, det viktigaste av alt, at me hugsar det som har skjedd. Me må tenkje på det kvar dag. Fridomen vår. Samfunnet vårt. Godene våre. Ingenting av dette er gratis. Svært mange har ofra livet sitt for det.
Me må ikkje gløyme – det er det farlegaste me kan gjere.
«Enten blir jeg stilt for krigsrett, eller så blir jeg krigshelt. Fyr!» – Oberst Birger Eriksen, sekundar før Oscarsborg Festning opnar eld mot Blücher, 9. april 1940.