Om kort tid kan Andrea Walderhaug endeleg kome seg på fjellet igjen. Tidleg i haust håpar ho å få levert sin splitter nye Exoquad. Ein terrenggåande rullestol, produsert i Stordal.
Ingen veit kvifor det skjedde, eller om ho nokon gong vert frisk igjen. Men plutseleg ein dag svikta beina til Andrea Walderhaug. Ho vart dermed avhengig av rullestol for å kome seg rundt. Den tidlegare svært aktive kvinna fekk livet snudd på hovudet. Med støtte frå bygdefolk, lokale firma og med solid eigeninnsats kan ho snart ta i mot levering av ein heilt ny Exoquad.
Den terrenggåande rullestolen gjer at ho igjen kan kome seg ut i naturen. Exoquaden er produsert av Exotek i Stordal, og er til dels spesialtilpassa Andrea sine behov.
– Eg var og prøvde ein slik for eit knapt år sidan, og fann ut at det var dette eg måtte ha. Eg sleit med depresjon då eg mista moglegheiten til å gå i fjellet, seier Andrea.
Finansiering
Ho og sambuaren, Ole Krane, byrja å sjå seg om etter moglegheitane for å finansiere ein slik rullestol. Fleire oppfordra dei til å starte ein Spleis.
– Det sat langt inne, men me oppretta til slutt ein Spleis. Og det gjekk ikkje lang tid før det byrja å kome inn pengar, seier ho.
I tillegg har dei fått støtte frå fleire bedrifter som ønska å hjelpe det unge paret.
– Det synte seg at det var utruleg mange som ønska å hjelpe oss, seier Walderhaug.
Ho fortel vidare at dei vart kontakta av ein filmfotograf som ønska å lage ein kortfilm for å hjelpe til med innsamlinga.
– Me fekk låne ein Exoquad til filmen, og filmfotograf Sebastian Mamay kom og filma. Temaet var mental helse etter å ha hamna i rullestol. Men kortfilmen vart lenger enn venta, så den er framleis ikkje heilt ferdig, flirer ho.
Walderhaug legg ikkje skjul på at det har hjelpt å ha så mange som viser omsorg og som vil hjelpe rundt seg.
– Situasjonen vår viser bygda på sitt beste. Eg blir veldig rørt over alt engasjement og at folk forstår kor viktig dette er for meg, seier ho.
Sparekontoen er tømt, og det er samla inn om lag 160.000 kroner så langt. Rullestolen er under produksjon, men Exotek har ikkje kunna gi ein eksakt leveringsdato enno.
– Det er eit forholdsvis nystarta firma, og dei har hatt litt utfordringar med å få levert enkelte delar. Difor har dei ikkje tørt å seie ein eksakt dato. Men dei har sagt at rullestolen kjem tidleg i haust, seier Walderhaug.
Heilomvending
Tidlegare var Walderhaug aktiv både med hundespann, riding, fjellturar og mykje anna. Å gå frå å vere så aktiv til å sitje i rullestol var ei stor omvelting.
– Det er ei overveldande heilomvending på livet å miste moglegheiten til å vere aktiv slik eg var før. Og det endra jo ikkje berre mitt liv. Ole er ein superhelt som står på for å hjelpe meg kvar einaste dag. Eg hadde ikkje greidd det utan han, seier ho.
Søndag hadde dei to eitt års bryllaupsdag, noko dei feira med middag i Ålesund.
Deltar i NM
Trass eit liv i rullestol, er det likevel ein del aktivitetar som er råd å vere med på. I oktober planlegg Andrea å delta på NM i para-hundekøyring. Dette er noko ho ser veldig fram til.
– Det vert veldig spanande å delta. Eg synest det er veldig kjekt å drive med hundekøyring, og Ole har til og med laga ein hundeslede som er tilpassa meg som eg kan bruke på slike turar. Den har både bremser og styring ved setet, slik at eg ikkje treng å stå bak på sleden, fortel Andrea.
Meir sjølvstendig
Med den nye Exoquad-rullestolen kan Andrea bli meir sjølvstendig på tur. Om ho er uheldig og køyrer ut av stien eller i grøfta når ho er på tur i dag, er ho avhengig av hjelp med å kome seg opp att. Med Exoquad vil ho greie dette på eiga hand.
– Om eg brukar rullestol utan motor må eg ha med folk i tilfelle noko skulle skje. Med motorisert terrengrullestol kan eg klare meg heilt på eiga hand, seier ho.
Exoquad har svært lågt marktrykk, noko som gjer at den ikkje skadar terrenget og vekstar der den køyrer. Likevel er regelverket noko ugunstig for rullestolbrukarar.
Regelverket rundt motorferdsel i utmark omfattar denne typen rullestol. Regelverket er rett og slett ikkje tilpassa rullestolbrukarar.
– Det er heilt tullete at me skal vere låst til å køyre berre der bilar kan køyre, seier Andrea.
– Det er rett og slett diskriminerande, skyt Ole inn.
Han legg til at det vert arbeidd opp mot myndigheitene med tanke på å få justert regelverket slik at elektriske terrengrullestolar vert likestilt med gåande. Men slikt arbeid tar tid.
– Eg veit at mellom anna Sigurd Groven i Exotek (firmaet som produserer Exoquad. red.anm) jobbar iherdig for å få til ei regelendring, seier Krane.