I eit ope brev til politikarane i Vestnes, luftar Aud Marie Bergdal og Bente Marie Ødegård tankar om eit bufellesskap for ungdom med utvida behov for trygge rammer og tilrettelegging.
Dei to er del av ei gruppe foreldre som har barn som reint aldersmessig snart er klare til å flytte heimefrå. Ungdomen ønskjer å flytte i eigen bustad slik som jamnaldrande gjer. Men av ulike årsaker treng dei litt ekstra rammer og tilrettelegging rundt busituasjonen. No ønskjer foreldregruppa dialog med politikarane om eit bufellesskap, gjerne i samarbeid.
Tilrettelegging
– Me ser at bufellesskap vil kunne vere ei god løysing for våre, både når det gjeld tryggleik og forutsigbarheit, samt økonomisk og sosialt, skriv Ødegård og Bergdal.
Dei viser til Myratoppen sameie og at det er mange kommunar rundt om i landet som har ulike variantar av bufellesskap for personar med ulike tilretteleggingsbehov. Dei viser også til Stortinget sin bustadplan der flest mogleg skal eige sin eigen bustad.
– Eigen bustad gir også moglegheit til å vere sjef i eige liv, står det i brevet.
Sentralt
Sentral plassering er viktig i følgje brevskrivarane. Nærleik til butikkar, offentleg transport og kommunale tenester er viktig.
– Det inneber ein bustad sentralt på Helland. Og det seier seg sjølv at desse unge ikkje har kjøpekraft til dei leilegheitene som per i dag ligg ute på markaden. Å bu i eigen leilegheit med tilbod om kommunale tenester vil sjelden fungere, men heller fre til isolasjon, einsemd og psykiske problem. Mange av våre ønskjer ikkje hjelp frå andre enn eigen familie, noko som igjen kan føre til uforholdsmessig slitasje på pårørande, skriv Ødegård og Bergdal.
Dei luftar dermed tanken om å bruke kommunal bygningsmasse som i dag står ubrukt, til eit bufellesskap.
– Vestnes kommune har ein relativt stor bygningsmasse som som det kostar å halde ved like. Ein del står også og forfell. Kva om ein i samarbeid mellom foreldre og dei unge sjølv bygde om nokre av desse til eigen bustad for denne gruppa? Det vil vere ein vinn-vinn situasjon. Me er villige til å vere med på planleggina, eller at me får kjøpe bygg og står for ombygginga sjølv, står det i brevet.
Det vert også vist til eit møte mellom foreldregruppa, ordførar Randi Bergundhaugen og kommunedirektør Kristian Skålhavn i november 2021. Det var på det tidspunkt ingen kontkrete planar angåande Myra-området og bygga der.
Vurderer nybygg
Det er om lag tre år sidan foreldregruppa byrja å arbeide med planane. Bente Marie Ødegård seier til Vestnesavisa at det i dag er seks ungdomar som er involvert.
– Me har jobba med det ei stund. Pandemien bremsa arbeidet ein periode, men no er me i gang igjen. No håpar me på positiv respons frå politikarane, seier ho.
Ho viser til fleire liknande prosjekt i mellom anna Ålesund kommune. Der har det blitt bygd som «leige for å eige» og det har blitt bygd i samarbeid med OBOS.
– Me er opne for både å bygge om eksisterande bygg, og så bygge heilt nytt. Det er kostnaden som vil avgjere kva som er mest hensiktsmessig. Men først må me få i gang ein dialog, seier Ødegård.
Ho legg til at dei gjerne vil ha med fleire på eit eventuelt bufellesskapprosjekt.