Det er sendt ut naudvarsel på grunn av ekstremvêret som er venta i løpet av kvelden. Varselet går på jord- og flomskredfare, flomfare og ekstremt mykje regn.
Varselet gjekk ut like før klokka 1830 til mobiltelefonar i regionen. Folk vert råda til å ta forholdsreglar og om å følgje råd frå myndigheitene.
– Vurder nøye om reisen faktisk er naudsynt, er eit av råda som kjem i varselet.
Varselet gjeld for delar av Sør-Norge, deriblant Møre og Romsdal. Det er spesielt jord- og flomskredfaren som er høg her i fylket som følgje av nedbørsmengdene.
For å vere på den sikre sida har Statens vegvesen stengt fleire vegar i fylket, deriblant Trollstigen, all togtrafikk på Raumabanen er stengt, Fylkesveg 655 i Norangsdalen vart stengt klokka 17 i dag og Fylkesveg 63 over Geirangerfjellet vart stengt klokka 17 i dag.
I tillegg kan følgande vegar verte stengt på kort varsel: Fylkesveg 660 Åfarnes-Vistdal, fylkesveg 62 Øksendal-Sunndal, fylkesveg 6012 Øverås-Eikesdal og fylkesveg 6138 Sunndal-Grøa.
Det er så langt ingen meldingar om at vatnet har gjort skadar eller ført til utfordringar i Vestnes. Det er venta til dels store nedbørsmengder det komande døgeret, så om du ikkje allereie har gjort det, kan det vere lurt å ta ein runde og sjekke avløp og takrennenedløp samt slukar rundt huset.