Vestnesavisa og Sunnmøre Friluftsråd inviterer alle i Vestnes til å bli med og rydde i naturen. Fredag 8. september arrangerer med ein stor ryddeaksjon i heile kommunen.
Mange barn er påmeldt, men ingen vaksne har meldt si interesse for å bli med og rydde langs strandsonen i Vestnes kommune. Så langt er om lag 200 barn påmeldt.
– Me har annonsert ryddeaksjonen i heile vår, og er veldig glade for at mange skuleklassar og barnehagar har meldt seg på. Men me håpar også at fleire vaksne vil bli med, seier Trine Aas-Risvik.
Ho tok intiativ til ryddeaksjonen i vår, og har planlagt det heile i samarbeid med Randi Kjærstad i Sunnmøre Friluftsråd.
– Dette er eit veldig bra prosjekt og eg er glad for at Vestnesavisa har dratt det i gang, seier Randi Kjærstad i Sunnmøre Friluftsråd.
Ho fortel at dei stiller med ein eller to personar, samt bil til å frakte søppel som blir samla inn.
Fin turmoglegheit
Å gå tur for å plukke søppel gir gevinst på fleire plan. Ein får seg ein fin trimtur, samstundes som ein kan ha godt samvit for å gjere ein forskjell for miljøet.
Barna som er med på fredag vil plukke søppel langs dei typiske badeplassane og mange andre stadar i kommunen. Men det er ikkje så mange som har meldt frå at dei vil rydde i strandsonar og andre område som er litt utafor allfarveg.
– Eg trur det er minst like mykje søppel der, men desse stadane er ikkje så lett å nå for dei som skal gå frå ein skule eller ein barnehage, seier Aas-Risvik.
Premierer deltaking
Alle som er med på ryddeaksjonen vil få ei lita merksemd frå Sunnmøre Friluftsråd og Vestnesavisa. I tillegg til heiderleg omtale i første avisa etter ryddeaksjonen.
Me deler naturlegvis ut sekkar og hanskar til alle som vil delta. Det vil bli oppretta ein aksjon på Ryddenorge.no der ein kan sjå kva område andre har valgt å rydde i.
Dersom du ønsker å delta i ryddeaksjonen saman med oss, kan du melde deg på ved å sende ein e-post til Trine, eller til redaksjonen.
Veka etter ryddeaksjonen er den nasjonale Strandryddeveka. Kjærstad synest ein stor ryddeaksjon i Vestnes er ein god kick-off på den nasjonale veka.
– Det er ein fenomenal måte å starte strandryddeveka på, og eg håpar at mange blir med på ryddedugnaden, seier ho.
All søppel som blir samla inn vil bli levert til Vestnes Renovasjon for vidare handsaming der.