Politiet melder at ein bil har køyrt inn i ein bygning i Vestnes. Det er ein litt skade på bil og bygning. Politiet er på veg for å vurdere hendinga. Det er ikkje meldt om personskade.
Vestnesavisa har fått opplyst at bilen høyrer til flåten til heimebasert omsorg. Tipsar melder at bilen har hatt problem med bremsene tidlegare. Seinast for nokre dagar sidan svikta bremsene under køyring på den aktuelle bilen.
– Det finst ingen tilgjengeleg oversikt over innmeldte saker på bil. Så om vedkommande som kolliderte i dag ikkje var på jobb den dagen nattevakta ikkje hadde bremser, ser det umogleg for vedkommande å vite om det, seier tipsaren til Vestnesavisa.
Vedkommande ønsker å vere anonym, men Vestnesavisa kjenner identiteten.
Meldingar om bilane vert sendt til driftsansvarleg, og heimebasert omsorg har fått beskjed om at det var berre å køyre bilen og den vart ifølgje tipsar aldri sett på verkstad.
Driftsansvarleg, Espen Stokke, seier til Vestnesavisa at han ikkje veit noko om ei eventuell melding om feil på bilen.
– Eg har ikkje sett noko til ei slik melding angåande den bilen i alle fall, seier han.