Politiet ber om tips i saka der fem persona er sikta for seksuell omgang med barn under 14 år eller medverknad til dette i Molde 24. juli i år. Videoar av overgrepet skal ha blitt delt i sosiale media og ein 15 år gamal person er sikte for å dele slike videoar.
Politiet ser svært alvorleg på delinga og har starta etterforsking av dette. Dei oppfordrar personar som mottar videoar eller bilete frå hendinga om å melde frå til politiet, og gjerne sikre bevis ed for eksempel ta skjermbilete av innhaldet.
Tips kan registrarast på tips.politiet.no eller via QR-kode. (Sjå bilete)
– Ikkje del videoen vidare. Deling av slikt materiale er straffbart, og dei som deler dette risikerer både straff og inndraging av telefonar eller andre digitale enheiter som er brukt til å dele materialet, skriv politiet i ei pressemelding.
Telefonen til personen som er sikta for å ha delt materiale frå denne saken er beslaglagt. Politiet opplyser at også gjerningspersonar under den kriminelle lågalder, som ikkje kan straffast, risikerer å få inndratt sine telefonar.