Ein båt med ni personar har gått ned mellom Tautra og Nerås. Alle naudetatar har rykka ut. Søk pågår med helikopter, kystvaktskip og brannbåtar frå Molde og Vestnes.
Meldinga om havariet kom inn til hovudredningssentralen like før klokka 19 tysdag. Ni personar hamna i sjøen. I følge ein tipsar skal minst ein av dei vere utan redningsvest. Ein større redningsaksjon er sett i gang. KV Bjørnøya deltar med fleire MOB-båtar, saman med brannbåten frå Vestnes og brannbåten frå Molde. Ambulansebbåten Dr. Riiber er også på veg. Luftambulansen søker frå lufta.
Alle om bord i båten skal vere komt i land og frakta til sjukehus. Ein person vert flydd til Molde med luftambulanse.
Saka vert oppdatert.