Kalkylane som vart lagt før prosjektet kom skikkeleg i gang viser seg å halde tritt med rekneskapen og budsjettet for Søblomsten. Arbeidet er i god rute, men den evige jakta på midlar stoppar aldri.
– Så langt har me fått inn om lag elleve millionar kroner til prosjektet gjennom ulike støtteordningar og sponsormidlar. Men me treng framleis meir, seier styreleiar for Søblomsten, Stein Bergheim.
Det er venta at prosjektet vil koste opp mot 20 millionar kroner før skuta er seglingsklar. Det vil, dersom tidsplanen held like godt som til no, ein eller anna gang i 2025.
– Me håpar å få Søblomsten på sjøen i 2024, men mer er nok godt ute i 2025 før den er seglingsklar, seier Bergheim.
Mange støttar
Det er Riksantikvaren og Møre og Romsdal fylkeskommune som er dei største bidragsytarane. GassROR og Kjell Inge Røkke kjem på andreplass. I tillegg har det kome mykje sponsormidlar frå lokalt næringsliv og privatpersonar.
– Me er heilt avhengig av alle bidragsytarane. Utan dei hadde ikkje prosjektet vore råd å gjennomføre, seier Bergheim.
Han fortel at dei jobbar kontinuerleg med å sikre vidare økonomisk støtte til skuta. Så langt har kostnadsoverslaga stemt med antal arbeidstimar dei har måtta kjøpe inn og kva som er blitt gjort. Så alt ligg an til å gå opp til slutt. Men det ser ut til at dei må kjøpe fleire arbeidstimar utover i prosjektet.
– Det er i hovudsak to delar av prosjektet der me må leige inn ekspertise og arbeidskraft. Det eine er når me skal montere riggen på båten, og så skal både dekk og skrog drivast. Det er ikkje eit arbeid som krev så veldig mykje kunnskap for å få gjort, men det er svært tungt fysisk, seier Bergheim.
Han anslår at dei vil gjere halvparten av drivinga på dugnad, og leige inn folk til den andre halvparten.
Kulturhistorisk viktig
Bergheim er klar på at Søblomsten er eit svært viktig kulturhistorisk symbol. Han meiner det viser oppstarten av den moderne verftsindustrien i Vestnes.
– Det vart bygd båtar i Vestnes lenge før Lars Hammeraas sette i gang. Men det var han som sette i gang den moderne verftsindustrien med seriebygging av større båtar. Det er på mange måtar oppstarten på den verftsindustrien me har i dag. utan denne industrien hadde Vestnes truleg vore ein liten plass med nokre få gardsbruk og lite anna, seier Bergheim.
Han trur vidare at den kulturhistoriske symbolikken prosjektet har for Vestnes er ein stor del av grunnen til at så mange ønskjer å bidra med støtte.
Det er også eit jamt sig av lag og organisasjonar som ønskjer omvising på båten. Både lokale, og tilreisande kjem for å ta skuta i nærare augesyn.
– Det er veldig kjekt at så mange er interessert i arbeidet me gjer. Dete gir ein ekstra driv for oss som står på for å kome i mål, seier Bergheim.
Fast gjeng
Mykje av arbeidet på Søblomsten vert gjort på dugnad. Kvar veke samlast ein fast dugnadsgjeng for å jobbe. Det er mest godt vaksne menn, men også ei kvinne har funne vegen inn i båtprosjektet.
Siv Lindheim Eikrem er einaste kvinne i dugnadsgjengen, og ho er ikkje redd for å skitne seg til. Måndag sat ho under dekk og skrapa reint gamalt treverk og gjorde klar for legging av ny innerhud i lasterommet.
– Det er veldig kjekt å vere med. Det er ein hyggeleg atmosfære. Men det gjer ingenting om det kjem fleire kvinner inn i dugnadsgjengen, seier ho med eit smil.
Styreleiaren skryt uhemma av dugnadsgjengen. Med pågangsmot og kløkt har dei greidd å løyse dei utfordringane som har dukka opp.
– Eg vil berømme dugnadsgjengen som møter jamt og trutt. Dei gjer ein kjempejobb for prosjektet, seier han.
Samarbeid om drift
Når Søblomsten ein gang får vatn under kjølen igjen, er sjølve restaureringsabreidet så og seie ferdig. Men då startar neste kapittel. Drifta av båten. Bergheim fortel at dei er i dialog med Romsdalsmuseet om å drifte båten. Folk frå Båtbyggarmuseet og dugnadsgjengen skal vere emd som mannskap. Men det er stilt eitt viktig krav.
– Søblomsten skal ha heimehamn i Vestnes. Det er eit absolutt krav dersom Romsdalsmuseet skal stå for drifta. Og det har dei akseptert, seier Bergheim.
Han meiner det hadde vore utenkeleg at Søblomsten skulle ha noko anna heimehamn enn Vestnes, der den vart bygd for snart 160 år sidan.
– Tanken er at Romsdalsmuseet tar seg av drifta, og me bemannar båten og sørgjer for det praktiske arbeidet. Så kan me segle den dit den trengst til ulike arrangement og turar, seier han.
Stor ryddejobb
For å ha nok plass til alt som trengst på Søblomsten, fekk prosjektet leige det gamle dagsenteret på Strandbo. Der ligg mellom anna mastene som er bygd til båten lagra, i lag med ein heil del andre gjenstnadar og materiale.
Men det har blitt mange turar til Øveråslia for dugnadsgjengen.
– Vestnes kommune gjorde ein god avtale då me fekk leige. For me har tømt bygget for gamle saker og ting som skulle kastast. Det er køyrt 15 traktorlass med avfall til Øveråslia. Så no er bygget tømt. Utan at det kosta Vestnes kommune noko i det heile tatt, seier Bergheim.