Han var med på «Mirakelet i Marseille» og er Rekdal sin store fotballson. Finansieringa er allereie på plass, no får Kjetil Rekdal statue av seg i heimbygda. Den skal stå på toppen av Snaufjellet.
Kjetil Rekdal starta fotballkarrieren i moderklubben Fiksdal/Rekdal før han var innom mellom anna Molde, Borussia Mönchengladbach, Lierse og Hertha BSC som spelar.
Framføre sesongen 2022 tok han over som hovudtrenar i Rosenborg etter å ha ført HamKam tilbake til Eliteserien i fjor.
På Sankthansaftan i 1998 fylgje heile Fotball-Noreg med då Rekdal stod framføre sitt livs straffespark. Ballen susa kontant i nettet bak ein utspelt Taffarel og Noreg gjekk vidare til sluttspelet i VM.
Samstundes sendte han seg inn i Noreg sitt fotballhjarte for odel og eige. Tida er for lengst komen, no får Kjetil Rekdal statue av seg i heimbygda Rekdal.
Vestnes kommune vedtok 23. februar i 2020, å gi initativtakarane dispensasjon frå reguleringsplana for fjellet på Rekdal. Tiltaket har vore ute på høyring, utan at det er komen inn noko merknadar.
Har på seg fotballdrakt
Statuen blir 2,7 meter med sokkel og blir ståande heilt på toppen av det populære Snaufjellet. Vil statue-Rekdal kanskje spotte framtidige landslagsspelarar frå utsikta?
![](https://www.vestnesavisa.no/wp-content/uploads/2022/03/statue-1024x678.jpg)
Kunstnar Gunnar Bloch Røsand busett i Tresfjord, har fått det ærefulle oppdraget med å forme statuen. Den skal lagast i ornament, med fargar.
– Så langt går det bra med prosessen. Det har vore litt utfordingar med logistikken, då dette krev mykje farga ornament som ikkje er så vanleg på marknaden. Men eg håpar og trur folk vil bli fornøgde, seier han til Vestnesavisa.
Ifylgje nokon som har lurt seg til ein titt på skissene, skal statuen ha på seg ei fotballdrakt som er ein blanding av moderklubben Fiksdal/Rekdal og Noreg si nasjonaldrakt. Hendene til statuen skal stå rett ut, noko som symboliserer feiringa til Rekdal etter det avgjerande vinnarmålet mot Brasil.
2,4 million kroner
Det er fotballglade entusiastar i heile Vestnes kommune som har gått saman for å få på plass ei statue av Rekdal. Finansieringa er endeleg kome på plass etter lang tid med hardt arbeid og pågangsmot.
Prisen på statuen er 2,4 million kroner. Avdukinga vil skje torsdag 23. juni, på sjølvaste Sankthansaftan. Då er det nøyaktig 24 år sidan Rekdal senka Brasil.
Det vil bli ei storslått feiring med kaker, brus og straffesparkkonkurranse for dei små.
Viktig at næringslivet støtter slike viktige tiltak
Dei fotballglade entusiastane i kommunen tok tidleg kontakt med Vestnes Næringsforum som har støtta dei gjennom heile prosessen.
– Vi har ein stor kultur for fotball her i kommunen og mykje av det kan vi takke Rekdal for. Då fotball-miljøet i Vestnes tok kontakt med oss, var det ingen tvil på at vi ønska å bidra. Vi vil prioriterer dette kunstverket framføre alt no fram til avdukinga 23. juni. Vi trur dette blir eit flott symbol for kommunen, og ikkje minst regionen. Rekdal er ein verdskjendis som verkeleg fortener å verte hylla som ei statue, sier Josefine Rødal Tomren og Eva Langstein frå Vestnes Næringsforum.
![](https://www.vestnesavisa.no/wp-content/uploads/2022/03/kjetil-rekdal-1024x576.jpg)
Stjerna sjølv, Kjetil Rekdal, er ikkje like begeistra. Han kallar det heile for «tøvete».