Det er 60 år sidan Lars Gaustad AS såg dagens lys i Tomrefjord. Det vil lokalbutikken feire som seg hør og bør.
Lars Gaustad kom til Tomrefjord i 1957 som bestyrer hos Haakon Ranvik som dreiv butikk i bygda. Det var på den tida heile sju daglegvarebutikkar frå Tomrefjord til Vik.
I utgangen av 1961 starta Lars og Kjellaug sin eigen butikk i lokala på hjørnet av Tomren-bygget. I 1967 vart det bygd nytt hus med butikk i underetasjen. 60 år og tre påbygg seinare held butikken framleis til i desse lokala.
Grete Gaustad tok over butikkdrifta då far hennar vart pensjonist i 1991. Dei har dermed drive butikken i 30 år kvar i desse dagar.
Stor utvikling
Det har vore ei stor utvikling i butikka sidan Grete vaks opp på 60- og 70-talet. Det har gått frå å vere landhandel med alt frå matvarer til fiskeutstyr og gummistøvlar, til ein rein daglegvarebutikk med post, bank og tipping.
– Butikken vart sjølvbetjent i 1983. Før det vegde me opp til dømes egg, sukker, mjøl og kaffi til kundane. Det var ingen datamaskin som rekna ut prisane eller summerte. Då var det blyant og papir som gjaldt, seier Grete Gaustad.
Butikken har vore med i fleire ulike kjedar opp gjennom åra. Butikkane i kjedane vart etter kvart meir og meir lik og kjedebutikkane skulle vere gjenkjennbare for kundane. Den gamle landhandelen skulle bort og det vart daglegvarebutikk. I løpet av 60 år har butikken i Tomrefjord vore med som K-kjøpmannen (1962), Elite (1983), Det Gode Kjøkken (1987) 1-2-3 Bravo (1992) og Joker (1997).
Då postkontoret i Tomrefjord vart nedlagt vart butikken postfilial, fram til Post i Butikk vart lansert i 2002.
Treng bygda
For å drive butikk i Tomrefjord er Grete avhengig av at lokalinnbyggjarane handlar. Ho får også god drahjelp frå verftsindustrien og dei andre bedriftene i bygda.
– Me merkar veldig godt korleis det går på verfta og dei andre bedriftene her i Tomrefjord. Når det er høg aktivitet går omsettinga vår opp. Og når aktiviteten går ned igjen, så synk omsettinga. Men me har ein stabil og lojal kundemasse som brukar butikken, noko me er avhengig av for å kunne drive, seier ho.
Å drive butikk er ikkje noko 9-16-jobb. Det er arbeid til alle døgerets tider, og det vert til slutt ein livsstil.
– Det er ikkje noko ein kan drive med utan at ein likar det. Det er mykje arbeid, men det er veldig kjekt, seier Grete.
Dei fem tilsette ved Joker Tomrefjord har lang fartstid. Dei har vore tilsett i butikken mellom 15 og 34 år.
– Det må ein kunne kalle trufaste medarbeidarar, seier Grete.
Ho legg til at ho også er veldig takksam for alle kundane som kjem innom butikken.
– Det er takka vere dei at me framleis held på etter 60 år, seier Grete.
Feiring
Fredag og laurdag inviterer damene på Joker Tomrefjord til 60-årslag med kake, kaffi, brus og lykkehjul. Gode tilbod vert det lova, og dei tilsette gler seg til å feire jubilanten.