Som ein del av reiselivssatsinga i Vestnes dei komande åra, vert det føreslått å bygge gondolbane i Tomrefjord. Håpet er å få inn nok midlar frå støtteordningar og lokalt næringsliv til at ein kan unngå kommunal investering.
– Ein gondolbane vil vere med på å setje Vestnes på kartet, slik det har sett alle andre stadar som har gondolbane på kartet, seier ordførar Geir Inge Lien.
Han er klar på at det ikkje er aktuelt for Vestnes kommune å gå inn med investeringsmidlar, men håpar eit eventuelt prosjekt kan finansierast gjennom andre kanalar.
– Det er ikkje ei kommunal oppgåve å bygge gondolbane. Men dersom andre vil skyte inn midlar, skal ikkje Vestnes kommune vere ein brems for prosjektet, seier han.
Fjord og fjell
For å få med seg både fjord og fjell vert det føreslått å bygge gondolbanen frå Fiksdalstranda og opp til Båten. Dermed kan ein få med seg begge delar på turen.
Båtbyggarhistorien som er så høgt verdsett i Vestnes skal naturlegvis byggast inn i prosjektet. Ideane er mange, og ordførar Lien meiner ein må ha ei maritim utforming på gondolbanen.
– Kanskje ein kan bygge gondolvognene utforma som båtar? Det hadde vore stilig. Gjerne gamle båtar, slik at ein kan sjå korleis ein bygde båtar før i tida, seier han.
Oppe på Båten kan ein bygge kafè og opplevingssenter. Dei som ønskjer det kan gå ned att. For at prosjektet skal få støtte med universell utforming vert det føreslått å etablere ein turveg i tre meters breidde ned frå Båten.
– Det er viktig at turen er tilgjengeleg for alle, også dei som ønskjer å køyre opp med enten ATV eller motorsyklar. Vegen vert også utforma for rørslehemma, seier Lien.
Utfordrande bygging
Ein gondolbane over Tomrefjorden kan i verste fall påverke skipsverfta i området. Kablane vil henge om lag 30 meter over havflata på det lågaste. Det kan føre til utfordringar med å segle større båtar inn og ut av fjorden. Ei flytting av verfta vert difor utgreidd.
– Dersom me må, kan me flytte verfta lenger ut i fjorden. Tanken er at dei kan byggjast som flytande verft, og dermed vert dei flyttbare og kan snuast etter vindretning. Det vil også føre til at ein ikkje treng å bruke så store areal på land. Dermed får ein også frigjort meir areal til bustadbygging i strandsonen, seier Lien entusiastisk.
Verftsbransjen har ikkje uttalt seg om eventuelle flytteplanar, og ønskjer heller ikkje å seie noko på noverande tidspunkt. Det er venta at naturvernorganisasjonar vil kome med motsegner, men argumentet mot dei er at med ein gondolbane vil enno fleire kunne kome seg opp i fjellet og nyte utsikten over Tomrefjordområdet.
Prosjektet er førebels rekna til å koste om lag 500 millionar kroner. Eventuell flytting av verft kjem i tillegg, og er kostnadsrekna til rundt ein milliard kroner åleine. Med billettinntekter og dersom ein legg 250 000 besøkande i året til grunn vil prosjektet løne seg etter om lag 30 år.