Vestnesavisa kan titulere seg som opplagsvinnar i Møre og Romsdal. I siste halvår av 2020 hadde avisa ein vekst på 9,6 prosent.
Ved årsskiftet var opplaget til Vestnesavisa 1592 utgåver. Det er ei auke på 153 abonnentar siste halvår.
Den prosentvise auka i Vestnesavisa sitt opplag har vore formidabel det siste halvåret av 2020. På andreplass finn ein Romsdal Budstikke som auka med 3,7 prosent.
Andre lokalaviser som det er meir naturleg å samanlikne seg med har hatt varierande endring i opplagstala. Storfjordnytt har hatt ei auke på 2,4 prosent, Sulaposten har gått tilbake med 1,8 prosent og Bygdebladet har hatt ein nedgang på 1,3 prosent.
Øy-Blikk hadde ein liten nedgang på 0,9 prosent i sine opplagstal, medan Misundingen hadde ein vekst på 3,5 prosent. Sunnmøringen auka med 1,7 prosent.
Hardt arbeid
Men resultatet har ikkje kome utan innsats frå redaksjonen. Det har vore eit langsiktig hardt arbeid som har lege til grunn for nettavissatsinga. Då coronapandemien trefte landet i fjor var nettavisa nesten klar. I full fart lanserte me det som var ferdig og fekk ut nyheiter om pandemien til våre lesarar, time for time. I tida etter har det vore eit målretta arbeid med å få dagsaktuelle saker ut til lesarane våre i ei spesiell tid.
– Eg er imponert over det gode arbeidet som redaksjonen i Vestnesavisa står for. Det er veldig gledeleg at også lesarane set pris på det, seier dagleg leiar i Vestnesavisa, Robin Røkke.
Han legg til at det er ekstra positivt at Vestnesavisa styrkar sin posisjon i det som er eit generelt positivt bilete for lokalavisnorge.
Han er tydeleg på at det er nettavissatsinga som har gitt Vestnesavisa løftet.
– Nettavissatsinga til Vestnesavisa har bore frukter, og det er godt å sjå at det er innhaldet som betyr noko, og ikkje kva platform det vert publisert på, seier Røkke.
Omstilling
Generalskretær i LLA (Landslage for lokalaviser), Tomas Bruvik, seier det er ekstra kjekt å sjå at mindre aviser lukkast i ein tøff bransje.
– Det er kjekt å sjå at Vestnesavisa har kome godt i gang på nett. I lokalavisverda er det fleire og fleire som går digitalt, og dei som er flinke og leverer gode nyheiter får gode resultat, seier Bruvik.
Han skildrar ein bransje som er i omstilling, og legg vekt på kor viktige lokalavisene har vore i det året som har gått. Mange aviser har utfordringar med ein minkande annonsemarknad, og spesielt er det utfordringar knytt til å få nok inntekter på nettaviser.
– Lokalavisene er viktige for lokalsamfunna. Men det er viktig at dei tar betalt for produkta. Det er ikkje heilsvart i avisbransjen, men bransjen er i ei tøff omstilling frå papir til digitale platformer. Det er spesielt utfordrande for mange aviser å flytte annonseinntektene over på digitale flater, seier Bruvik.
Hektiske dagar
Med nettavisa i full drift har det vore hektiske dagar for redaksjonen. Det vert jobba nesten døgeret rundt for å få ut nyheitssaker til lesarane.
– Det er sjeldan ein har normal kontortid i lokalavisbransjen. Når nyheitene skjer, må ein vere på plass for å få det med seg. Det betyr arbeid både på kveld og helg, og av og til på natta. For ein liten redaksjon som Vestnesavisa er det ei utfordring å ha ressursar til å dekke alle saker, seier redaktør Torstein Sønstabø.
Hektiske dagar til trass, målet for Vestnesavisa er å halde fram med arbeidet med å levere nyheiter til våre lesarar. Nettavissatsinga er ei av dei største satsingane Vestnesavisa har hatt i si over 30 år lange historie.
– Arbeidet opp mot nettavisa var krevjande og omfangsrikt, både før, og spesielt etter lanseringa. No jobbar me vidare med andre prosjekt som me håpar lesarane vil setje pris på, seier Sønstabø.