Vestnes kommune innfører lokal coronaforskrift frå midnatt tysdag. Det fører til nedstenging av alle fritidsaktivitetar unntatt for barn og unge under 20 år, treningssenter, skjenkestopp. Det vert påbod om bruk av munnbind.
Forskrifta vert innført med bakgrunn i smitteutbrotet ved VARD Langsten. Den siste veka har 24 personar fått påvist covid-19 smitte ved verftet. Ukjent smitteveg gjer smittesporinga vanskeleg, og det er enno vanskelegare å få kontroll på utbrotet.
Forskrifta vert innført i samråd med Folkehelseinstituttet og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
– Det er viktig å få kontroll og oversikt over situasjonen, og vi må sette inn tiltak raskt på eit høgt nivå. Dette er i samråd med kva Statsforvaltaren og FHI rår oss til, seier kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli til Romsdal Budstikke tysdag kveld.
Skular og barnehagar vert opne som normalt, og det vert ikkje auka smittevernnivå på skulane og i barnehagane no.
Les heile forskrifta på Vestnes kommune sine heimesider.
Vestnesavisa vil kome med meir informasjon onsdag.