Tre personar som sat i innreisekarantene har testa positivt for Covid-19 siste døgeret. To arbeidarar ved VARD, og ein arbeider hos ein underleverandør av Aas Mekaniske Verksted.
Alle tre er overført til isolasjon og har vore i karantene sidan ankomst til Norge. Alle tre skal ha framvist dokumentasjon på negativ test tatt innan 72 timar før ankomst til Norge.
Saken fortset etter annonsa
Ein av dei som testa positivt hos VARD er ein «usikker positiv» og vil bli testa på nytt.