Tre personar som er i innreisekarantene ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen har testa positivt for Covid-19. Det melder Vestnes kommune fredag ettermiddag.
Dei tra har vore i karantene på Trohaugen etter eit utanlandsopphald. Dei smitta er flytta over til isolasjonsbrakke og vert fulgt opp av VARD sitt helseteam.
To av dei smitta er busett i Vestnes kommune og ein er busett i Ålesund. Alle tre kom tilbake til Norge i same reisefølgje og har vore i karantene sidan ankomst.
– Alle tre har dokumentasjon på negativ test før avreise til Norge, samt negativ test ved ankomst. Dei vart rutinemessig testa igjen ved dag sju og desse testane var positive, står det i pressemeldinga.
Dei har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkinga.