To personar testa positivt for Covid-19 i helga. Ein person testa positivt fredag i samband med utreise til eit anna land, og ein nærkontakt testa positivt på laurdag. Begge er i isolasjon og nærkontaktar er i karantene på Trohaugen.
Dei to er tilsett hos ein leverandør til VARD, og har vore i Norge sidan januar. Då dei kom til landet var dei i karantene på Trohaugen.
Arbeidarane har vore på arbeid ved VARD Søviknes onsdag og torsdag denne veka. Før det var dei på eit jobboppdrag på VARD Langsten. Begge verfta har gjennomført ekstra reinhald og desinfeksjon av aktuelle område som dei to har arbeidd i.
Ti personar i VARD er sett i ventekarantene, og alle nærkontaktar samt dei i ventekarantene vil bli testa dei næraste dagane.
Smittekjelda er førebels ukjend.