Regjeringa innførte i kveld nye retningslinjer og reglar for smittevern. Det vert full skjenkestopp i heile Norge, treningssenter og svømmehallar må stenge og det vert stopp i all innandørs aktivitet for vaksne med unntak for profesjonelle utøvarar.
Dei nye reglane og retningslinjene skil ikkje mellom stadar med lite smitte og stadar med mykje smitte. Reglane gjeld nasjonalt og for alle. Dei som kjem til Norge etter unødige utanlandsreiser må no tilbringe heile karantenetida på karantenehotell.
Det vert også anbefalt å halde minst to meter avstand til andre. I heimen eller på hytta bør ein ikkje ha fleire enn to personar på besøk. Helseminister Bent Høie anbefalar at dersom ein bur på stadar som anbefalar ingen besøk, så bør ein halde dette også på hytta.
– Me veit at dette vil skape reaksjonar, men me må gjere det. Me ser det dukkar opp smitte på stadig nye plassar, seier Høie.
Dette er dei nye anbefalingane:
- Ein-meteren vert no til to-meteren. Dei som du fram til no har halde ein meters avstand til, må du frå no av halde to meters avstand til.
- Det vert anbefalt å ha maks to gjestar på besøk
- Om du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du ikkje dra på, eller ha overnattingsbesøk. Dei som bur åleine og barn og unge under 20 år kan ha overnattingsbesøk av ein til to faste vener.
- Ha få kontaktar og dei same kontaktane over tid. Du bør avgrense den sosiale kontakten mest mogleg.
- Bruk av munnbind vert anbefalt på alle stadar der det ikkje er mogleg å halde to meters avstand
- Folk bør berre benytte seg av kjøpesenter og varehus i heimkommunen.
- Me anbefalar at alle reiser som ikkje er naudsynte vert utsett med nokre unntak:
Reiser til og frå arbeid når det ikkje er mogleg med heimekontor.
Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerer.
Reiser til hytte og fritidsbustad saman med eigen husstand. - Det er tidlegare bestemt at det skal vere digital undervising i universitet, høgskular og fagskular frå og med 6. april. Dette vert framskunda til 25. mars og varer til 12. april.
Dette er dei nye reglane:
- Det vert forbode med skjenking av alkohol over heile landet.
- Det vert forbode med innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vakskne, med unntak av profesjonelle toppidrettsutøvarar.
- Treningssenter vert stengt, men kan ha ope for innbyggarar i kommunen for rehabilitering, individuell trening og behandling.
- Svømmehallar skal stengast, men kan ha ope for mellom anna barn på svømmetrening og personar som treng bassenget til rehabilitering.
- Fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande underhaldningstilbod vert stengt.
- Arbeidsgjverara skal sørge for at tilsette arbeider heimefrå på alle arbeidsplassar det er praktisk mogleg.
- Personar som returnerer til Norge etter unødvendige utanlandsreiser må tilbringe heile karantenetida på karantenehotell og kan ikkje teste seg ut på dag nummer tre som i dag.
- Det vert anbefalt at alle planlagte arrangement vert avlyst. Dersom arrangementet ikkje kan utsetjast, gjeld desse reglane:
Innandørs vert det tillate med 20 personar på arrangement med faste tilviste sitjeplassar.
Innandørs vert det tillate med 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som tilhøyrer eit idrettslag i same kommune.
Utandørs vert det berre tillate med 50 personar på arrangement.
Det vert tillate med 50 personar i gravferder og bisettelsar når det vert nytta faste tilviste plassar.