VARD Langsten testar søndag alle arbeidarar ved verftet for covid-19. Det vert gjort etter at det fredag og laurdag vart påvist fire nye smittetilfelle. Avgjerda er tatt i samråd med kommunelege Sabine Relling Bredeli og Folkehelseinstituttet.
Det har vore fleire rundar med testing den siste veka etter at VARD starta med testing av tilfeldig utvalgte arbeidarar. Torsdag vart det tatt rundt 60 testar. Tre av desse var positivie. Alle er tilfhøyrande i Vestnes. Personane er i isolasjon og nærkontaktar er i karantene.
I tillegg har ein person testa seg på Vestnes i samband med utreise til eit anna land. Denne arbeidaren er i isolasjon på Trohaugen.
Alle arbeidarar som har arbeidd på VARD Langsten den siste veka skal testast søndag. Testinga tok til klokka 10 i dag.
– Om lag 500 personar skal testast i dag og så snart som mogleg. Dette er folk som har hatt arbeid på verftet siste veka, seier Hege Akselvoll, kommunikasjonsdirektør i VARD til Vestnesavisa.
Laurdag kveld var det hektisk aktivitet i verftsleiinga for å planlegge testinga og få ut informasjon. Dette arbeidet vart gjort i samarbeid med smittesporingsteamet i Vestnes kommune. Testinga skal føregå på Vestnes.
– Det er ein enorm logistikk som skal gå opp når me skal teste så mange på så kort tid, seier Akselvoll.
Søndag føremiddag var det lang kø utføre teststasjonen på Stella Maris då fleire hundre personar skulle testast.
Alle arbeidarar ved verftet skal vere i fritidskarantene inntil testresultata er klare. Familien til arbeidarane er ikkje i karantene.
Vidare plan vert avgjort ut frå testresultata og råd frå Folkehelseinstituttet. Den noverande planen er å reteste arbeidarane neste laurdag.