Nye smittetal frå Vestnes kommune viser at sju nye personar har testa positivt på Covid-19 siste døger.
Dei sju arbeidarane er tilreisande og skal i arbeid for VARD. Alle sju har vore i karantene på Trohaugen sidan ankomst til Norge, og framviste dokumentasjon på negativ test tatt innan 72 timar før ankomst til Norge.
Dei sju er no flytta til isolasjon.
Alle har vore i karantene sidan ankomst, og er i isolasjon på Trohaugen.
I tillegg har tre personar testa usikker positiv og vil bli retesta.
I kommunen er det no ein del arbeidarar som er ferdige med sine karantene- og isolasjonsopphald. Personar som sit i isolasjon blir sjekka ut av helseansvarleg i si verksemd og kommuneoverlegen godkjenner isolasjonstida før dei går ut i arbeid.