Vestnes kommune rår til at ein droppar handleturar og andre fritidsreiser til Ålesundsområdet. Pendlarar bør ha heimekontor dersom det er mogleg.
Dei siste dagane har det vore ei sterk auke av coronasmitta med mutert virusvariant i Ålesund. Søndag vart det innført lokale forskrifter med strengare smitteverntiltak enn dei nasjonale retningslinene. Fleire verksemder måtte stenge ned. Det er også innført skjenkestopp og påbod om heimekontor.
Vestnes kommune rår til at personar som pendlar til eller frå Ålesund, Sula og Giske har heimekontor så lenge den lokale forskrifta gjelt. Arbeidsgjevarar i dei tre berørte kommunane er pålagde å leggje til rette for heimekontor. Abriedsgjevarar i Vestnes er ikkje underlagt det same påbodet.
– Vestnes kommune har ikkje ei lokal forskrift. Men det er heilt naturleg at me anbefalar heimekontor for dei som dag- og vekependlar frå desse tre kommunane, skriv Vestnes kommune på sine heimesider.
Unngå unødige reiser
Butikkar og varehus held framleis ope i dei tre sunnmørskommunane. Men dei anbefalar eigne innbyggarar å unngå handlereiser ut av eigen kommune. Vestnes kommune rår også alle til å unngå å reise til dei tre kommunane på handleturar eller andre unødvendige fritidsreiser. Den lokale forskrifta for Ålesundsområdet gjeld fram til 11. april.
Sidan smittesituasjonen i Vestnes er mykje rolegare enn i Ålesund, og det ikkje har vore nye tilfelle av corona i Vestnes i mars og berre eitt tilfelle i februar vert det ikkje innført ekstra tiltak i Vestnes.
– Me føl situasjonen tett og veit at ting kan endre seg veldig fort, seier kommunelege Sabine Relling Bredeli.
Ho håpar at alle gjer det dei kan for å unngå spreiing av smitte frå Ålesund og eller i landet. Dersom situasjonen endrar seg vil det bli innført strengare tiltak på kort varsel.