Politiet i Møre og Romsdal åtvarar alle som er på fjelltur i fylket om å kome seg ned frå fjellet og i tryggleik. Det er kome inn fleire meldingar om naudstilte i fjellet dei siste timane.
Saken fortset etter annonsa
– Kraftig torevêr og regn kjem, skriv Møre og Romsdal Politidistrikt på Twitter.
På grunn av det venta uvêret kan det bli vanskeleg for redningsmannskap å ta seg fram til naudstilte før vêret har roa seg.