Vestnes kommune opphevar den lokale forskrifta frå midnatt natt til fredag. Dei siste prøvesvara frå massetestinga ved Vard Langsten er komne, og det er ikkje meldt om nye smittetilfelle.
– Då ein no har kontroll over smittesituasjonen opphevar kommuneoverlegen den førebelse lokale forskrifta frå torsdag 20. mai kl 24:00, skriv Vestnes kommune i ei pressemelding.
Kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli seier at Vard Langsten no kan opnast for full drift. Dei famla testresultata frå rudnt 500 arbeidarar viser at testing på dag tre gav eitt smittetilfelle, og testing på dag sju viser at ingen nye er smitta.
Sidan smitteutbrotet ikkje har ført til vidare smitte i Vestnes, ser ikkje kommuneoverlegen og kriseleiinga at det lenger er naudsynt med ei lokal forskrift.
– Sjølv om forskrifta no vert oppheva vert det likevel anbefalt å bruke munnbind i butikkar, kjøpesenter og når ein ikkje klarer å halde minst ein meter avstand til andre, står det i pressemeldinga.