Åtte personar i VARD som sat i innreisekarantene på Trohaugen og ein frå Kongsberg Skipsservice testa positivt på Covid-19 fredag.
Fem av personane testa positivt etter retesting i samband med at dei var nærkontaktar med andre som fekk påvist smitte tidlegare i veka.
Tre personar testa positivt etter rutinemessig test ved ankomst til VARD sin karantenerigg på Trohaugen.
I følgje Vestnes kommune har alle vore i karantene sidan ankomst. Seks personar på Trohaugen, og to på Terøya i Søvik. Alle åtte i VARD er no flytta til isolasjonsriggen på Trohaugen.
Alle har framvist dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst til Norge.
Ein person som var registrert med usikker positiv test tidlegare i veka er blitt retesta. Den siste testen var negativ.
I pressemeldinga frå Vestnes kommune står det at smittetilfella som gjeld VARD offisielt vert registrert i Ålesund kommune sin statistikk. Men tilfella vert handtert av VARD og Vestnes kommune, og vert registrert i Vestnes sin interne statistikk.
Den tilreisande arbeidaren frå Kongsberg Skipsservice som er i innreisekarantene testa positivt for Covid-19 på flyplassen. Vedkommande er utan symptom og er overført til isolasjon. Alle nærkontaktar er sett i karantene. Også denne personen framviste dokumentasjon på negativ test frå heimlandet før ankomst til Norge.