Onsdag kveld vart Vestnes MDG stifta. Lokallaget vart starta av Tiril Glasø Holseter, Asle Klock og Einar Torald Aas. No startar arbeidet for å bygge opp laget.
– Global oppvarming vil få store konsekvensar for alle. Me vil få meir ekstremvêr, meir ørken, mindre mat og større sultkatastrofar. Alle har eit ansvar, både lokalt og sentralt for å gjere det ein kan for å motverke dei verste konsekvensane av klimaendringane, seier Asle Klock.
Han er ein av initiativtakarane til Vestnes MDG. Han meiner Norge har gode føresetnadar til å ta ei leiande stilling globalt for å redusere miljøavtrykket me etterlet oss, og bidra aktivt til mindre utslepp.
Det startar lokalt
Arbeidet for miljøet startar lokalt og i det små. Det er viktig ifølgje Klock å gjere det enkelt for folk å leve miljøvenleg. Og ein må vise at ein meiner det når vanskelege avgjerder skal takast.
– Der er MDG i særstilling og viser at dei jobbar for miljøet. Mange andre parti er også flinke, men ofte vert det prioritert annleis når ein skal ta dei vanskelege avgjerdene, seier han.
Nyvalt lokallagsleiar Tiril Glasø Holseter seier at ho ønska å bli del av noko større og engasjere seg. Difor meldte ho seg inn i MDG.
– Eg ville bli noko del av noko større. I eit lokallag for MDG møter ein menneske med likt miljøsyn og mange tankar om det samme temaet, seier Glasø Holseter.
Ingen av dei tre har politisk erfaring, men er opne for å lære, og ønsker i første omgang å jobbe for lokalt engasjement. Men dei vil også på sikt jobbe for å stille liste til kommunevalet 2023.
– Det er enno litt tid før lokalval. Men det er ikkje umogleg at me stiller liste dersom me får nok folk til å skrive seg på, seier Einar Torald Aas.
Glad for stiftinga
Fylkesleiar i MDG Møre og Romsdal, Ingvild Espelid Wold, var til stades på stiftingsmøtet onsdag kveld. Det kom ikkje så mange andre på møtet. Ein del av årsaka er truleg corona og skepsis til å delta på opne møte. Dette la likevel ikkje noko dempar på engasjementet til dei som møtte.
– Det er kjempekjekt at det blir starta lokallag her på Vestnes, og eg vil hjelpe til så godt eg kan for at det skal kome i gang, seier Wold.
Ho brukte litt tid på å informere initiativtakarane om kva MDG arbeider med, og korleis eit lokallag kan arbeide for dei sakene dei meiner er viktige for sitt lokalsamfunn.
– Dersom ein vil kan ein også løfte opp saker på fylkesnivå. Me treng engasjement og då må me starte lokalt, seier Wold.
Ho ønskjer å avlive oppfatninga av at MDG er eit «by-parti». Ho fortel at ein stor del av nye medlemmar dei siste åra kjem frå distriktsnorge.
– Me har hatt ei stor auke i antal medlemmar dei siste par åra, og det kjem stadig nye medlemmar til oss. Det er ofte folk som er frustrert over at det ikkje blir gjort nok for miljøet, og dei meiner andre parti ikkje tar miljøproblem alvorleg nok. MDG har mykje meir på programmet enn berre miljø. Me jobbar også for å redusere dei sosiale forskjellane i Norge, og har fleire andre politiske tema me jobbar med, seier Wold.