Politioverbetjent Vebjørn Bale meiner at ungdomane som reagerte på at politiet tok kontakt om kritikkverdig køyring har misforstått.
– Målet var å ansvarleggjere kvar bileigar, seier han.
Bale seier at målet til politiet var å opprette kontakt med bileigarar og informere om at det var kome klage på bruken av deira bilar. I samtalen med bileigar vart ikkje tidspunkt eller detaljar om kvar enkelt klage diskutert i følgje han.
– Eg ringte sjølv til fem seks av bileigarane som me har mottatt klagar på. Dei fekk den same beskjeden som resten. Eg undrar meg litt over at nokre av ungdomane me snakka med sit igjen med den oppfatninga dei gir uttrykk for i avisa. Ingen av samtalane gav uttrykk for at me snakka med feil bileigar, seier Bale.
Han fortel at bileigarane vart informert om at det over tid hadde kome inn klagar på bilkøyringa til ungdomen i Helland sentrum. Bebuarar i sentrum hadde notet ned registreringsnummer på dei bilane som dei meinte var observert meir enn ein gong med slik køyring. Politiet oppretta ikkje straffesak, men valgte å ringje til dei som eig bilane det har blitt klaga på.
– I denne omgangen vil me ikkje bruke meir ressursar på å finne ut meir om kven som har vore førar på dei ulike tidspunkta. Vårt håp er at bileigarane tar ansvar og sørgjer for at bilane dei eig ikkje vert gjenstand for fleire klagar i sentrum, seier Bale.
Politiet ser på saka som eit signal til alle ungdomane som køyrer rundt i Helland sentrum.
– No har alle sjansen til å gjere dette på ein slik måte at det ikkje oppstår farlege situasjonar eller støy utover det som ein normalt skal kunne rekne med. Etter klokka 23 er det strengare reglar vedrørande støy, seier Bale.
Klagane går på høg hastighet i sentrum, børning og svært mykje gjentakande støy under køyring.