Mange bebuarar i Vestnes sentrum er plaga av støyande bilkøyring på kveld og natt. I helga vart det ringt inn mange klager til politiet. No vert bileigarane kontakta.
– Det var mange klagar på støyande og skjenerande køyring i sentrum i helga. Folk som ringte politiet skildra køyringa som uaktsam og farefull. Me har fått ei liste på 10-15 bilar der me vil ta kontakt med bileigar og opprette dialog med dei. Då vil me informere om kva som kan bli konsekvensen av slik åtferd, seier politioverbetjent Vebjørn Bale.
I utgangspunktet er det ikkje ulovleg å køyre bil i sentrum på natta. Men når det skjer med mykje støy, høg fart og er til skjenanse for dei som bur i sentrumsområdet, vert det noko anna. Meldingane som kjem inn til politiet skildrar aktivitet langt utover det som er akseptabelt.
– Dette er ikkje eit særteikn for Vestnes. Det skjer dei fleste stadar. Men det er likevel plagsomt for dei som får forstyrra nattesøvnen sin. Det er klart ein må tole ein viss form for støy og aktivitet om ein bur i sentrum. Men dette er langt over det som ein kan rekne som akseptabelt, seier Bale.
Utfordrande
Det kan vere utfordrande for politiet å få tatt dei som køyrer slik at dei er til plage for andre. Det vert ofte varsla via sosiale media så snart ein patruljebil nærmar seg. Det kan ofte vere litt tilfeldig når politiet kjem over slik køyring. Politiet har vore ute med sivil patruljebil, men det har då ikkje blitt avdekt slik åtferd.
– Det er ei utfordring å få bukt med dette. Innringarar har opplyst til politiet at dei kjem til å filme dersom slik køyring skjer igjen. Slike filmar kan brukast som bevis i ei eventuell straffesak, seier Bale.
Burning er også eit problem som politiet vil få slutt på. Det er støyande, forureinande, og det øydelegg asfalten der det føregår. Straffa kan også svi for dei som gjer det.
– Dersom me kjem over folk som burnar eller på anna måte køyrer uaktsamt, er det automatisk tre månadar førarkortbeslag. Dersom sjåføren er i prøvetida må vedkommande også ta ny førarprøve. I tillegg kjem det ei bot, seier Bale.
Mykje promille
Promillekøyring er også eit problem i Vestnes. I helga vart to bilførarar tatt for å køyre med promille i Fiksdal.
– Promillekøyring er eit problem, og det er noko me jobbar med heile tida. UP har ofte kontrollar i Vestnes, i snitt ein til to kontrollar per veke. Så sjansen for å bli tatt er absolutt til stades. Og konsekvensane av å køyre med promille kan bli katastrofale, seier Bale.