Salthammer Båtbyggeri har god ordretilgang. For tida er to båtar under bygging, og fleire er under planlegging. Dagleg leiar, Lasse Stokkeland, ser optimistisk på 2021.
– Me er godt kjent som eit stålverft. Men me er også eit nybyggingsverft. Me bygg båtane frå kjøl til mastetopp her på bruket. No har me fullt opp med arbeid heile det komande året og vel så det, seier Stokkeland.
I ein periode har dei søkt etter fleire folk. Ved å skilte med mange fagfelt meiner han bedrifta bør vere attraktiv for potensielle jobbsøkarar.
– Salthammer er ein spanande arbeidsplass, og ein av få i landet der ein får vere med på heile byggeprosessen, seier han.
Kompetanseheving
– Me har fleire kontraktar på trappene. Det er positivt på alle måtar. Me ønskjer å heve kompetansen i bedrifta, og har difor søkt etter fleire folk. Både arbeidsleiarar og fagfolk, seier han.
Han fortel at det er meir fokus på fagarbeid no enn for nokre få år sidan. Det gjer at fleire utdannar seg innan faget.
– Det er viktig at ungdom tar fagutdanning innan mekaniske fag for at me skal kunne oppretthalde ei god verftsnæring i landet. Det er spanande arbeid, og ikkje minst lærerikt, seier Stokkeland.
Mykje å gjere
Med to båtar under bygging og ein som snart er klar for byggestart ser Stokkeland lyst på framtida.
– Me har bra med arbeid framover, og me jobbar heile tida med å få meir å gjere, seier han.
Salthammer Båtbyggeri arbeider tett med Tomra Engineering for å designe båtar for kundane. Eit samarbeid som er viktig for begge.
– Samarbeidet med Tomra Engineering er svært viktig for oss. Dei har god kompetanse på design, så kan me konsentrere oss om det me kan best, nemleg å bygge båtane, seier Stokkeland.