Fire personar, to lokale innbyggarar og to innreisearbeidarar hos VARD har testa positivt for Covid-19.
Dei to innbyggarane i Vestnes som er smitta kan knytast til smitteutbrotet i Fjord kommune. Alle nærkontaktar skal vere kontakta og sett i karantene i følgje Vestnes kommune.
Dei to innreisande arbeidarane som testa positivt, testa negativt før avreise frå heimlandet. Dei vart testa ved ankomst til Norge, og testa også negativt då. Ein rutinetest sju dagar etter ankomst til Trohaugen viste positivt resultat laurdag.
Begge personane har vore i karantene sidan ankomst. Smittesporing er gjennomført og personane er i isolasjon på Trohaugen.
Arbeidstilsynet har godkjent VARD sin brakkerigg på Trohaugen som karantenehotell for dei tilreisande som har fått innreisetillatelse gjennom ei søknadsbasert ordning. Trohaugen har eit strengt karantene- og testprogram, med eit dedikert helseteam og vakthald.