To av dei 37 nærkontaktane som er knytt til dei fem som fekk påvist smitte søndag har testa positivt for Covid-19. Det melder Vestnes kommune måndag kveld.
Saken fortset etter annonsa
Smittesporing er gjennomført og alle nærkontaktar til dei to vert sett i karantene og vert testa tysdag.
Sidan fredag har ni fastbuande personar fått påvist Covid-19 i Vestnes. I tillegg har to innreisande arbeidarar testa positivt.