Elleve tilreisande arbeidarar har testa positivt for Covid-19 siste døgeret. Ni tilfelle vart oppdaga ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen, og to hos ein underleverandør til Aas Mekaniske Verksted.
Prøvesvara kom i går og viser at åtte personar testa positivt etter å ha kome til karanteneriggen til VARD på Trohaugen. Ein testa positivt på flyplassen ved innreise. Alle skal ha vore i karantene sidan ankomst og er no plassert i isolasjon. Ingen skal ha symptom og er sjekka av VARD sitt helseteam.
Alle dei smitta skal ha dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandeet innan 72 timar før ankomst til Norge.
Dei to smitta hos ein underlevarndør til Aas Mekaniske Verksted testa positivt for Covid-19 etter ankomst. Dei også skal vere symptomfri og er overført til isolasjon. Nærkontaktar skal vere i karantene allereie. Også her vart det framlagt dokumentasjon på negativ test tatt før ankomst til Norge.