Vestnes kommune melder at brannmannskapa tilknytt Tomrefjord brannstasjon er i karantene etter at ein tilsett hos Vard Langsten testa positivt for Covid-19. Vedkommande vart sjuk i helga. Det går likevel ikkje ut over brannberedskapen.
Onsdag morgon vert det meldt om to nye smittetilfelle i Vestnes. en eine smitta var nærkontakt til smittetilfelle som vart meldt førre onsdag. Testresultatet på dag sju var positivt. Dette smittetilfellet utløyser ikkje fleire nærkontaktar.
Den andre smitta er ein arbeidar ved Vard Langsten. Vedkommande var på arbeid førre veke og fekk symptom på sjukdom på laurdag.
29 personar er sett i karantene som følge av det siste smittetilfellet. Familie og nære arbeidskollegaer til nærkontaktane er i ventekarantene. Mannskapa i Vestnes brannvesen som er tilknytt Tomrefjord brannstasjon er definert som nærkontaktar og sett i karantene, men brannberedskapen er likevel ivaretatt.
Smittekjelda vert kopla til kjent smitte på arbeidsplassen. Smittesporing er gjennomført. Begge dei smitta er heimehøyrande i Vestnes.
– Dei siste vekene har det vore fleire tilfelle av smitte knytt til lokalbefolkinga i Vestnes. Det er svært forståeleg at folk byrjar å verte lei smittevernreglar og ikkje kunne leve nærare på kvarandre. No er det viktigare enn nokon gong at me står saman og held ut med avstand og handvask. Likevel vil eg seie som presisert tidlegare: Uansett kor forsiktig ein er, kan alle vere uheldige, seier kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli.