Det er påvist mutert coronavirus i fleire av våre nabokommunar. Vestnes kommune ber no folk teste seg dersom dei har vore på ei rekke stadar utafor Vestnes.
Vestnes kommune fryktar det kan ha forekome smitte på fleire stadar, og har utarbeidd ei liste med stadar og tidsom kor ein kan ha blitt utsett for smitte.
Saken fortset etter annonsa
Dersom ein har vore på ein av følgjande stadar innafor det gitte tidsrommet ber Vestnes kommune om at du testar det og går i karantene fram til negativt prøvesvar føreligg.
Saken fortset etter annonsa
- Barnas Lekeland i Spjelkavik/Ålesund: 20.02 kl. 14:30 – 16:30
- Bybadet i Ålesund i tidsrommet: 21.02 kl. 10:30 – 13:00
- Stordal Alpinsenter i tidsrommet: 22.02 kl. 12:00 – 15:00 (avgrensa til personar som har vore inne i varmestua og inne i lokale for utleige av ski)
- Stordal Alpinsenter i tidsrommet: 23.02 kl. 12:00 – 13:00 (avgrensa til personar som har vore inne i varmestua og inne i lokale for utleige av ski)
- Cafe Milano i Spjelkavik/Ålesund i tidsrommet: 21.02 kl. 20:00 – 22:00
- Café Timian og Persille, Sunndalsøra, fra måndag til onsdag denne veka
- Gjevilvasshytta, Oppdal denne veka