Ein arbeidar i innreisekarantene ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen har testa positivt for Covid-19. Det melder Vestnes kommune onsdag ettermiddag.
Arbeidaren vart rutinemessig testa i karanteneperioden og er no i isolasjon. Nærkontaktar og dei som var i same reisefølgje er sett i karantene og blir retesta.
Vedkommande har vore vore i karantene sidan ankomst til Norge, og viste fram dokumentasjon på negativ test før avreise frå heimlandet. Testen ved ankomst til Norge var negativ. Smittesporing er gjennomført.
Trohaugen er godkjent som karantenehotell for tilreisande som har fått innreisegodkjenning gjennom den søknadsbaserte ordninga som blir administrert av Sjøfartsdirektoratet.