Kriseleiinga i Vestnes kommune anbefalar alle å bruke munnbind i butikkar, kjøpesenter og på kollektivtransport i Vestnes kommune. Samstundes vert det innført raudt nivå på skulane.
– Kommunen kjem med ei sterk anbefaling om at alle bør bruke munnbind når dei er på butikkar, kjøpesenter eller reiser kollektivt. Me anbefalar bruk av munnbind når ein elles ikkje klarer å halde minst to meter avstand til andre, skriv kriseleiinga i ei pressemelding.
Frå 6. april til og med 14. april vert det innført raudt nivå på alle skulane i Vestnes. Det vert også oppfordra til å avgrense sosial fysisk kontakt i størst mogleg grad.
Kriseleiinga viser elles til nasjonale reglar og anbefalingar. (Vestnesavisa er ikkje ansvarleg for innhaldet på eksterne lenker.)